Seint på dagen 16.mai var det nok ikkje tvil lenger, den nye familiemedlemmen som familien Midtflå venta på, hadde no gitt klar beskjed at no var tida inne for å kome til verda. Mor og far- Øyvind og Heidi drog avgarde til føda i Volda. Ut på morgonen den 17. mai kom den vesle jenta til verda kl.0511 på Volda sjukehus. Ho vog då 3310 gram og var 48 cm lang. Den nyfødde kom ca.tre veker før tida, men vi var allereie lei av å vente, seier pappa, så det var greit.
Iselin og baby
Iselin ei stolt storesyster.


Begge storesyskena, Tommy og Iselin, er stolte og vil gjerne vere på sjukehuset saman med mor og den nyfødde heile tida, og størst er det vel for Iselin som har ynskt seg ei lissjesyster lenge. Men for dei to syskena er ventetida ikkje så lang for å få mor Heidi og den nyfødde heim. Dei kjem mest sannsynleg heim i morgon(måndag) og har det ellers berre bra. Namnet er ikkje klart ennå, seier pappa Øivind.

Vi gratulerer familien, Heidi, Øivind, Tommy og Iselin Midtflå på Valset med den nye 17.mai prinsessa.