solfaktorG

Bleik og blakk vaknar naturen til aprildagar med sol og blå himmel. Her trengst ein effektiv solfaktor for å "få litt farge".  Og det som er tingen er Solfaktor G, eller Gylle. No køyrer dei grassat etter vegane med tank på tank med blautgjødsel. Det er det som trengst! Berre vent ei veke eller to og du skal sjå det utvakte bleike vike for det friskaste grøne!