Yngve2

Yngve Frøland krigar inn 1-0 til Sæbø.

 

Sæbø kom godt i gang. Alt etter 13 minutt vart det 1-0. Kai Arne Skår la ein krossar til Yngve Frøland, og Frland kriga ballen i mål i duell med ein MSIL-forsvarar.

Etter dette var det faktisk MSIL som hdde banespelet ei stund, og det vart skapt ein del sjansar framfor Kristofer Valseth i Sæbø-målet.

Sæbø greidde å halde nullen, og etter 35 minutt fekk laget god hjelp frå MSIL-forsvaret. Det vart rota fælt, og OLe Sunde fekk ballen på tjuefem meter, og kunne berre lobbe han i ope mål.

Terje H

Terje Haugen Øye vart tomålsskårar.

Rett før pause vart det 3-0. Marius Riise stakk igjennom til Terje Haugen Øye, og åleine med kepper gjorde han ingen feil.

Sæbø opna andre omgang godt, for alt etter eitt minutt fekk Sæbø ein kjempesjanse. Men frå tre meter sette Bjørn Egil Espenakk balen utanfor for mest ope mål.

Sju minutt ut i andre omgang vart det straffespark til MSIL. Dommar Magne Jonny Krumsvik dømde for dytting i feltet. Kristoffer VAlseth i Sæø-målet henta fram sit bste, og redda straffesparket med ein beinparade.

Terje S

Det lyser innsatsvilje av Terje Stokke.

Sæbø auka i staden til 4-0 ti minutt ut i omgangen. Terje Stokke la inn til Terje Haugen Øye som skåra frå kort hald.

Etter dette hadde Sæø eit hav av sjansar, og spesielt Marius Riise var på hogget. Men han har ikkje heilt funne målforma enno, og mål vart det ikkje på Riise onsdag.

I staden var det Vegard Riise som kunne fastsetje sluttresultatet til 5-0 to minutt før full tid. Han bestemte seg for å rette opp ære til familienamnet, og skåre i rett mål. Skotet hans frå litt skått hald fekk målvakta fingrane på, men det var ikkje nok til å hindre skåring.

Dermed er Sæbø a jour i målprotokollen allereie, og laget har fått sin første trepoe gar for året.

Marius R

Marius Riise er igjennom for n`te gong, men førebels er ikkje siktet stilt inn.