I går kveld fekk vi ei melding om at det vert gjordt vedtak ut på dagen i dag, om at Hjørundfjord bygdemobilisering disponerer krefter og midlar feil, og det vert bede om at Hjørunfjordportalen vert seld ut til private interesser. Ordlyden i vedtaket skal være at Hjørundfjorden er no inne i ei turistsatsing der interesser skal gjere investeringar i fjorden, og det er då behov for den kompetansen som Portalen har opparbeidd seg, til å presentere sine produkt. Hjørundfjord bygdemobilisering kan då få innatt dei offentlege midlane som er brukt til dette føremålet ved eit sal. Hjørundfjordportalen treng friske krefter og nye tankar.

Dette kom som ei bombe, og Bygdemobiliseringa og portalleiinga er sjokkert over ei slik opplysning. Vi har då vore i kontakt med vedkomande som er ansvarleg og bedd om å stå fram, men så lenge det ikkje er gjort formelt vedtak, så vert det ikkje aktuelt i dag.

Det vert sjølvsagt hektisk møtevirksomheit og spørsmålet om kva som vil skje med bruken av portalen må drøftast. Vert det den gode brukarånda no framover som skal råde eller skal det berre  verte betalingstjenester? Kven er det som ligg bak med sine interesser her?

Ein ting veit vi, og det er at Molde og andre offentlege organ les portal, og alle våre trufaste brukarar må protestere på dette vedtaket, ved å skrive kommentarar. Vi meiner at Portalen er eit godt tiltak i bygdemobiliseringa. Vi håper vi det vil kome ein solid protest mot at vi misser eit slike gode som var tenkt å binde saman bygdene.Unn Frøland 20080309



Unn Frøland som er med i portalleiinga og kommunestyremedlem, er mildt sagt sjokkert og vil telje til ti fleire gonger før ho tek ei endeleg stilling til situasjonen. Dette er blåruss handlingar på begge sida av bordet frå ende til annen, freser ho. Ho vil utpå dagen, når ho får kontakt med ordførar Gudny Fagerhol diskutere kva Ørsta kommune kan gjere til eit slikt vedtak.
(Arkivbilete)