Andreas 6år har laga byggjeteikningane, og styrar ser at etter kommunen sitt regelverk blir hytta så liten at vi ikkje treng søkje byggjeløyve. Iallfall etter teikninga, planane blir løpande endra - ofte etter kva materiell vi har tilgjengeleg.

hytte1 hytte2

      Bærebjelkane kjem på plass.                        Byggestativ med hjul.  

Fredag 4april var golv, stenderar og bærebjelkar på plass. Til grunnmur bruker vi ein palle, Sølve meiner at hola i den må støypast att med betong. Styrar meiner at inntil vidare ventar vi med det. Etterkvart vart taket (nesten) tett - iallfall tett nok til at ein ikkje treng ha på seg regnjakke meinte arbeidarane. Ei pipe er elles under planlegging.

hytte4hytte3
      Arbeidsdeling: Ein held spikarane.....                   .... medan ein annan legg på tak.

 
Som stillas bruker barna barnehagesyklar. Med både tre og fire hjul meiner barna at dei er meir enn stabile nok. 

Siste tanke er å utvide med plass til hestane vi skal ha attmed hytta.  Når alt er ferdig, planlegg tømrarane overnatting. Men berre to i gangen, for fleire er det ikkje plass til. Dei aller siste planane er etter det eg forstår å bygge stall til hestane. 

Byggjeteikning:

hytteteikning

Status onsdag 9.april:

09042008674