Vi møtte fram på Bjørke skule  laurdag føremiddag og det tok noke tid før ei mengd instrument, soveposar, madrassar og baggar  var komne i hus.

  Modell av indre Hjørundfjord

Det er mykje interessant å sjå på ein ny plass. På Bjørke skule har dei ståande ein flott modell av Storfjorden. Tilreisande får her innføring i stadnamn frå lokalkjend musikant.

 Øving på Bjørke skule

Endeleg klar til innsats. Lydhøre musikantar får instruksar frå dirigent Ann Helen Sørhaug.

Det var eit stort felleskorps med nærare 30 musikantar og mykje bra lyd som var samla på Bjørke.

Laurdag øvde korpset i fleire timar på skulen, både felles og i grupper. Litt terping på detaljar må til om ting skal låte bra.  I tillegg hadde Dalane skulekorps si trommegruppe øving.

Det vart også tid til fleire matykter, omvising i kraftverket til Tussa og bading i bassenget. Om kvelden fekk dei sjå film, ete hamburger og kose seg. Musikantane og leiarane frå Dalane overnatta på skulen, men ein reiser ikkje på korpstur for å sove mykje. Då legg ein seg gjerne seint, ofte altfor seint...sånn ca. i halv eitt-tida for enkelte!!!

 Skuleplassen på Bjørke

Utafor skulen er der eit stort område som er veleigna til leik og aktivitet. For dei yngste var det fint å få springe av seg litt energi mellom øktene. 

 Sovesal

Søndag var det først frukost og trøtte fjes. Så måtte ein rydde på skulen og pakke saman all bagasjen, noko som gjerne inneber kaos og kan ta ein heil del tid. Utpå føremiddagen var det endeleg tid for gjennomkøyring av konsertprogrammet på Haukly, samt stemming av instrumenta. Aspirantane fekk også øve litt i lag.

 Musikkafé

Søndag ettermiddag var det musikkafé på Haukly, med Bjørke hornmusikk som arrangør og det store felleskorpset fekk vise kva dei hadde øvd på i helga. Dei spelte "Jupitermarsj", "Beer Barrel Polka", "King of the Road", "The Red Rock March", "Ludvigs tema" frå Flåklypa og "Prinsessemarsj". Trommegruppa framførte det dei hadde øvd på og aspirantane frå Dalane og Bjørke hadde nokre innslag. Alle var kjempeflinke.

Så var det sal av gode kaker, vafler og smørbrød. Køen fram til luka var lang, men maten var vel verdt ventetida og Haukly var ein koseleg stad å vere. Kjekt å kunne treffast på denne måten.

Vaar

Sist onsdag deltok nokre av musikantane i Sæbø skulekorps på kulturskulen sin vårkonsert.

Det var litt av ei oppleving å få spele i lag med så mange andre korpsmusikantar frå både Ørsta og Volda!

Måndag 28. april skal Sæbø skulekorps arrangere vervekonsert for medelevar i 2. - 5. klasse på Sæbø skule. Dei vil så gjerne at fleire skal vere med og spele i korps. Sidan i haust har kulturskulen hatt aspirantopplæring på Sæbø skule i skuletida. Lærar er Ann Helen Sørhaug og det er også ho som er dirigent for Bjørke hornmusikk og Dalane skulekorps. På Sæbø underviser ho to grupper, ei med to førsteårsapirantar og ei med tre junioraspirantar. Dei tre sistnemnde og to korpsmusikantar har også spelt i lag med Dalane skulekorps sidan i haust. Ann Helen er ein engasjert lærar og dirigent og er ei eldsjel når det gjeld korpsarbeid. Når korpsa spelar på basar og musikkafé passar ho på at dei yngste aspirantane også får vere med og vise det dei har lært. Til hausten vil dei tre junioraspirantane gå over i korpset og vi håpar på mange nye aspirantar.

Det er kjekt å spele i korps!