Kolåstinden har ikkje den høgste toppen, ikkje er den vanskelegast å nå, ikkje er utsikta flottast  og heller ikkje er nedkøyringa her brattast.  Likevel er dette den toppen i Sunnmørsalpane som er mest besøkt i vinterhalvåret.  Eg forstår kvifor.  Maken til variert skitur i flott natur finn du knapt i vårt område.

Tirsdag kom den siste snøen i denne omgang. Tørr nysnø og litt bratt nedkøyring er ikkje å forakte.  Vegard (Riise) og eg bestemte oss for å ta ein tur på Kolåstinden - Vegard for første gang.  Men vi kunne ikkje vente for lenge, til færre skispor til betre.  Vi hadde nemleg ein plan...

Vi parkerte ved Standalhytta, så det vanlege - skifellene på skina og ryggsekken på ryggen.  Så var det berre å starte på turen oppover mot Kvanndalen.  Vil du ta denne turen, men er litt usikker på vegen så er det berre å vente til ei finevêrshelg i april/mai. Det er då berre å fylgje etter dei 100 - 200 som er framom deg.

IMGP3556 (Large)

Vegard på veg opp mot utløpet av Kvanndalen

Det er ein del skispor framom oss, men det skal vise seg - heldigvis for oss - at dei fleste går mot Insterenna og Sætretindane.  Det er dessutan godt å gå i gode skispor sjølv om nysnøen ikkje er djup i dag.

IMGP3560 (Large)IMGP3565 (Large)

Du har ikkje gått lenge oppover Kvanndalen før Kolåstinden dukkar opp opp til venstre. (Foto til venstre).  På foto til høgre ser vi nedover vegen vi har gått opp.  Vi kviler oss her på Appelsinhaugen - eit obligatorisk stoppunkt for den som skal på Tinden.

Når Appelsinhaugen er nådd, skal du gå i retning venstre etter pausen.  Sporet vert her litt brattare, men det er framleis fint å gå med fellar under skine.  Så tek du av mot venstre igjen rett før det som vert kalla Stretet - porten.  Her møter du  eit skuggeparti og her er sidebratt.  Underlaget er ofte hardt ut på vårparten og ein del vel å ta av- og bere skine her.

IMGP3569 (Large)

Foto frå Appelsinhaugen mot Stretet. Stretet er her ikkje synleg.

På veg oppover mot Stretet snakkar vi om den flotte snøen. Snøen er tørr og fin sjølv om sola skin - det er nok nokre kuldegrader.  Vanlegvis er her skispor over alt, men i dag er her berre eitt, men vi skal ikkje køyre ned her...

Det er alltid kjekt å ha med seg personar som er på Kolåstinden for første gong.  Alle let seg imponere når dei går gjennom porten - Stretet.  Så langt på turen har ein sett lite av toppen, men straks du går gjennom porten, er han der - Kolåstinden med all sin velde.

IMGP3578 (Large)

Så er Vegard ved porten - porten som heiter Stretet.  Skal tru kva som er på den andre sida?

IMGP3582 (Large)

- Er det slik her ser ut.  Herli, seier Vegard.  Sjølvsagt er det Kolåstinden som er i bakgrunnen.

Like etter at vi har lagt Stretet bak oss, møter vi ein mann på veg nedover.  Framom oss er det tre personar, ein går på truger.  Skibrettet er festa til ryggsekken.  Er her ikkje litt lite bratt til snøbrett?

IMGP3586 (Large)

Retning toppen.  Tre personar er framom oss.

Det er på tide å avsløre planen vår.  Kolåstinden er ikkje kjend for si fantastiske nedkøyring for dei fleste som har vore her.  Men vi vil ha nettopp det, ei fantastisk nedkøyring - målet er nedkøyring frå toppen og rett ned Kolåsbreen, det som gjerne vert kalla brefallet.  Forholda ligg godt til rette for det i dag - det er svært mykje snø og sprekkene/snøbruene er trygge der vi har tenkt å renne.

Den kjende bresprekka før toppen er heller ikkje synleg i dag.  Vi kan gå nesten heilt til topps med skine på.  Rett under toppen møter vi Helge Rørstad og to hyggelege studentar frå Tjekkia(dei studerer i Volda). Også dei tre har planar om å ta brefallet ned, det er tryggast med fleire.

IMGP3592 (Large) 

To hyggelege studentar frå Tjekkia.  Han i raudt brukte Snowboard og gjekk med truger heilt til topps.  Imponerande.

Toppen av Kolåstinden er ikkje stor, men utsikta er vid.  Vegard vrengjer av seg og får på tørre klede.  Det gjer godt sjølv om det er nesten heilt vindstilt denne dagen.

IMGP3598 (Large)IMGP3610 (Large)

T.v.:  Toppen er nådd.  Det er godt med tørre klede.  T.v.: Høgt er dei og sure er dei ikkje.  Vegard og underskrivne.

Vi er klare for nedkøyringa.  Vegard og eg køyrer/renn ned til slutt.  No er det nokre få som har køyrt ned før oss, men framleis er her rikeleg nok med ubesudla snø - som det no heiter.  Vi får ein fantastisk tur.  Ruta vi tek ned er ikkje så bratt - gjennomsnitten ligg på 26, 5 grader, men vi køyrer i brattare parti og cruisar nedover i slakke parti.  Eg gjer Vegards uttrykk til mitt - herli.

IMGP3623 (Large)

Vegard startar rett under toppen i motlys

IMGP3628 (Large)

Dette må opplevast.  Og den mørke fjellsida i bakgrunnen tilhøyrer...

IMGP3637 (Large)

Vegard gliser.  Kolåstinden i bakgrunnen seier farvel.

Vegard 1 (Large)IMGP3634 (Large)

På fotoet til venstre held Vegard fram nedover.  Underskrivne er så godt nøgd at han tek foto av sitt eige skispor og legg det til i skisporsamlinga si.

IMGP3660 (Large)

Vegard (t.v.) og Helge Rørstad under brefallet

Helge konkludert etter denne turen heilt korrekt: Det er berre bønder, studentar og vi som avspaserer som kan ha slike fine dagar.

Nede ved parkeringsplassen og bilen lurte eg på korleis det hadde gått med han på snowboard.  Svaret var heilt klart:  - I have had my best trip om snowboard - ever.

Heilt til slutt kan eg nemne at eg har fått spørsmål om det ikkje er travelt å gå på slike turar.  Nei, slett ikke.  Det travlaste er faktisk å måtte gå opp på motsett side av dalen dagen etter for å få ta eit oversiktsfoto over dei ca. 700 høgdemeterane med nedkøyring frå Kolåstinden...

IMGP3710 (Large)

Her har eg teikna inn ruta ned frå Kolåstinden.  Stipla linje vil seie at vi var bak fjellet nærast.

I dag er her to quizar.  Den første er spesiallaga til Helge Strand.

IMGP3614 (Large)

Kva er det vi ser nede på Hjørundfjorden?

IMGP3906 (Large)

Quiz to - for alle:  I baakgrunnen ser vi sjølvsagt Kolåstinden, men kva heiter fjellet den er fotografert ifrå?