Det ligg i namnet – dei fem musikarane i Hjørundfjordkvintetten er frå Hjørundfjorden, men dei spelar slett ikkje lenger berre i her.  Vi har sett dei avbilda i aviser under speling ved avduking av Fiskarkona på Vartdal ogvi veit at dei har spela i Volda kyrkje opptil fleire gonger. No drøymer dei om spelejobb i Ivar Aasentunet…

IMGP3232 (Large)

Frå venstre:  Jan Odden - horn, Ola Hustad - baryton, Ansgar Kvistad - bass, Olav Walseth - altsaksofon og Bjarne Hustadnes - tenorsaksofon.

 

Det er rett å seie at oppstarten av Hjørundfjordkvintetten skjedde ved eit reint tilfelle.  I 1994 feira Hjørundfjord kyrkje 400-årsjubileum.  Den sommaren skulle det vere friluftsgudsteneste på Hustad og soknepresten ynskte at Bondalen Hornmusikk skulle spele.  Det viste seg å vere vanskeleg – mange musikarar ferierte.  Men primus motor Bjarne Hustadnes visste råd, han fekk samla fem musikarar frå Bondalen Hornmusikk og dei fem spelte, med suksess, under den nemnde gudstenesta.

IMGP3234 (Large)

Primus motor Bjarne Hustadnes, nærast

 

Dei fem som spelte denne dagen hadde hatt det så kjekt at dei bestemte seg for å halde fram.  Dermed var Hjørundfjordkvintetten eit faktum.  I tillegg til nemnde Bjarne Hustadnes, var Ansgar Kvistad, Ola Hustad, Olav Walseth og Stig Hill med.  Etter ei tid måtte Stig slutte p.g.a. medisinstudiar i Bergen.  Olav Arne Aklestad kom inn i staden og då han igjen flytta til Ålesund, kom Jan Odden med.  Dei fire førstnemnde har vore med heile tida.

IMGP3228 (Large)IMGP3230 (Large)

Jan Odden, akkreditert hjørundfjording, på horn til venstre og Ola Hustad, bayton.

 

Men Bjarne – Jan Odden er vel ikkje Hjørundfjording?

 

-         Jau, han er absolutt godkjent som hjørundfjording, gift med ei bondalstaus som han er.  I tillegg har han hytte her i dalen og han har seglbåt på Hjørundfjorden.  Så du forstår at han er akkreditert.

 IMGP3229 (Large)IMGP3231 (Large)

Olav Walseth, t.v. og Ansgar Kvistad  

I 2007 hadde Hjørundfjordkvintetten heile 23 speleoppdrag.  Det er kanskje i overkant av det dei ynskjer å ta på seg, men dei likar å spele og dei spelar til alle høve – alt frå fødsel til grav.  Speling ved fødsel er vel kanskje å overdrive, men dei har i alle høve spelt under barnedåpar og dei har spelt i både bryllaup, åremålsdagar og gravferder – og ei måleriutstilling.

 

Og rike vert de?

 

-         Vi tek vel nokre hundrelappar når vi spelar på basar o.l., men spelar vi t.d. på Hjørundfjordheimen – vår viktigaste oppdragsgjevar i tillegg til kyrkja – er vi glade om vi får ein kopp kaffi, seier Bjarne.

-         Og kanskje ei lefse, legg Ola til.

 

Dei har også spelt under ei bilutstilling til Bjørdal Bil i Ørsta.

 

        Ja, men då måtte vi passe på at vi ikkje spelte for mange punkterte notar, skjemtar voldabondalingen  Jan.

IMGP3254 (Large)

Kaffipausene under øvingane er eit høgdepunkt.  Her er dei to som utgjer dei "tyngre instrumentgrupper" i Hjørundfjordkvintetten, Ansgar Kvistad(t.v.) og Ola Hustad

Men de har enno ikkje spelt på Rust i Ørsta, Bjarne? 

-         Nei, sant nok.  Rock er ikkje vår spesialitet, men vi spelar også populære og kjende melodiar i tillegg til folketonar, koralar og klassiske perler.  Det må her leggast til at vi sjeldan får notar som passar til ein slik kvintett, slik instrumentering .  Difor må det ein del omskriving til

 Og det gjer du? 

-         Ja, for det meste, men heldigvis har eg lært meg å bruke pc-en til det arbeidet, elles hadde det ikkje gått.

 

Og kven er det så som bestemmer i kvintetten?  Det er nok for det meste Bjarne – så lenge han ikkje bestemmer noko som dei andre ikkje er samde i.  Då seier dei ifrå.

IMGP3252 (Large)

Olav Walseth og Jan Odden

 

Utan tvil ser det ut til at dei fem trivest i lag og på øvingane, som stort sett er i bedehuskjallaren på Sæbø på fredagane, har dei sjølvsagt innlagt kaffipause.  Og treng du musikk t.d. til avduking av ein ny veteranbil så er det berre å ringje. Hjørundfjordkvintetten stiller sikkert – om dei ikkje akkurat er på spelejobb i Ivar Aasentunet der det skal vere slik god akustikk.