Vi reiste frå Sæbø fredag kl 13.45 med IL bussen vår og hadde med 13 kjekke jenter der 4 er frå Sæbø, 3 frå Åmdalen og 6 frå Ørsta + trenar Anne Maren Hovdenakk  frå Åmdalen.

Turen oppover gjekk fint, og på Halsa stoppa vi for inntak av mat og drikke. Jentene kom rett frå skulen og det var godt å få strekke beina.
Eindel foreldre tok også turen til Trondheim, noko vi set stor pris på.

DSCN3960
Stopp for inntak av mat og drikke..

 

DSCN3949
.. og uttak av energi!

Kiwi Ørsta(Asko), Euro Spar Ørsta, Rema 1000 Ørsta og Tine sponsa oss med niste og drikke. Stor takk til dei!!!

Etter å ha installert oss på hotellet var det tid for instruksar og så var det kveld!

Neste morgon kl. 8.30 etter litt inntak av energi var jentene klare for kamp mot Egge, og vi var spent.
Jentene spelte godt og kunne gå av bana med ein komfortabel siger 17-10.
Men vi lurte felt på kva mann det var som satt på tribuna og noterte kvar minste bevegelse jentene gjorde...

sluttspel19
Frokost, alle stilte i nye fine ROSA gensarar, sponsa av Tussa, Huse, Jernia, Vik Ørsta og Sparebanken. Takk til dei!

Så var det tid for frokost på hotellet og kampprat!

Neste kamp var kl 11.10 mot Charlottenlund 2. Jentene spelte ein kjempekamp og fekk vise at det ikkje er tilfeldig at dei er blant dei beste i regionen!
Resultatet vart 16-11 til oss og vi leda pulja og mannen med blokka følgde nøye med!

sluttspel 1
Vi er i angrep! Malene, Karen og Else Marie.

Neste kamp var 17.10 så no var det tid til ei lita byrunde og mat på hotellromet.

sluttspel6
Else Marie, Nina, Hanne og Emilie Cathrin forsyner seg!

Så var det tid for ny kamp, no mot Byåsen2.

sluttspel7
Frå kampen mot Byåsen2.

No fekk me vite kven som "spionerte" på oss.. Byåsen2 sin trenar hadde planen klar og sette alt inn for å vinne. Men nok ein gong viste jentene  kva dei er gode for og vann fortjent 19-16 ;)

sluttspel5
Glade jenter etter at puljesigeren var sikra! F.v. Hanne,Michelle, Ingeborg, Emilie Cathrin, Nina, Elise, Aina og Monica.

NrLagKamperVUTMålforskjellPoeng
1.Åmdal/Sæbø/Ørsta330052- 376
2.Charlottenlund 2320148- 424
3.Byåsen 2310241- 452
4.Egge300335- 520

Slik såg tabellen ut etter puljespelet!

Før vi tok kveld var vi å såg det seriekamp, Byåsen mot Larvik der Larvik vann 24-23, og så var det Pizza på Egon.

sluttspel11

Larvik overnatta på same hotell som vi  og dermed vart det lagbilde saman med Karoline Dyhre Breivang. Bak f.v. Emilie, Elise, Else Marie, karoline, Malene, Michelle, Nina og Karen. Framme f.v. Emilie Cathrin, Hanne, Marthe, Ingeborg, Monica og Aina.

Fordi jentene vann pulja si kunne me slappe av søndag morgon, første kamp mot Byåsen var kl 11.15 og denne kampen vann jentene suverent 20-11!

sluttspel15
Mat må til, lunsjpause utanfor Trondheim spektrum.

sluttspel13
.. og Nina nyt sola!


Dermed var det klart for kvartfinale mot Charlottenlund kl. 13. No var me veldig spent fordi dette var ein av favorittane. Jentene spelte ein kjempekamp med utruleg flott spel og vann fortjent 12-9!!

sluttspel3
Mot Charlottenlund. Kven når ballen først? Aina er er iallefall kjemperask!

Semifinalen var mot Byåsen3 kl. 15.00 og fire lag stod att, deriblant lille Åmdal/Sæbø/Ørsta!

sluttspel16
Vi høyrde fleire som lurte på kva for lag det var som hadde blanda seg i toppstriden!

Byåsen3 hadde vunne nesten alle kampane sine med stor margin så nå var vi veldig spent.
Vi registrerte også at alle Byåsentrenarar møttest før kampen, vi trur dei la ein plan...
Kampen starta med eit raskt mål til Byåsen men vi følgde heile vegen "hakk i hæl" til stillinga var 14-15. Då fekk vi heilt urettferdig ei to min utvisning mot oss, (Byåsen fekk ikkje kort same kva dei gjorde..) og sleppte litt taket.

sluttspel17
Vi har eit godt forsvar, Marthe, Malene, Aina ( i luftig svev), Karen, Else Marie og Michelle + målvakt Monica som gjorde jobben sin og litt til!

sluttspel18
I forsvar: Marthe, Aina, Karen og Else Marie 

Byåsen måtte virkeleg slite for sigeren og jentene våra er berre kjempegode!!!
Sluttresultatet vart 15-19 og første tap.

Byåsen vann gull med siger 22-14 over Trond.

Tredjeplass er kjempebra!

sluttspel9
Bak f.v. Karen, Aina, Elise, Emilie Cathrin, Emilie, Michelle og Nina.
Framme f.v. Else Marie, Ingeborg, Malene, Hanne og Marthe.
Fremst Lise og Monica.

Kjempeflott jenter vi gler oss til neste sesong!!

Takk også til "vår" flinke trenar Anne Maren!!