No når det vårast vaknar trimgruppa til att, og vi har mange gode turar og friste med utover mot hausten.

Vi vil gjerne ha hjelp til å få opp trimpostar etterkvart som det tøyar, dei som kan hjelpe oss ta kontakt med: Bodil Skare, Arve Rødvik, Haldis Fiskå Mo, eller Hilde Sæbønes.

Måndagsturane er klar, lista er hengt opp på strategiske stadar i Sæbø, og ho vert lagt ut på portalen nermare mai. Fyrste måndagstur vert 19/5.

Vi har i år sett opp nokre fellesturar lagt til søndagar, håper det er mange som vil vere med på dei, dei to fyrste vert: 1/6 Tur til Helgahornet , og 22/6 Tur til Stokkrhornet.

Dametrimmen er ferdig no i april, difor har vi sett opp turar ,torsdag 8/5 prøver vi skålavegen, 15/5 tek vi Hellevegen til brekkeheida, felles avreise frå gymsalen på Sæbø kl1800 begge dagar.

Vel møtt!