Fyrste reguleringskartet 

                Eg er så heldig å ha liggende fyrste reguleringskartet for Sæbø.  År  1943.

Kartet er  9o x 53  cm. Og er tegna av jordskiftedommer Johs. Sæbø  frå Stennes-Ola garden.

(I dag huset til Oddvar Olsen) Kartet har nettopp vore ein tur i Oslo for å verte digitalisert.  (Klikk på "Kartet" for å få sjå det)

                 Det er interessant å sjå at alle hus på den tida også er inntegna.

Det vart ei radikal regulering. Hjørundfjord kommune  ekspropierte eit ganske stort område i sentrum. Her stod mange gamle buder, staller og naust.  Hus måtte flyttast og hus måtte rivast.

                  I sandvika er den gamle bebyggelsen stort sett bevart. Men naustrekka er det sett kryss på, og det tyder riving ! Mellem sentrum og Bondalselva er det tegna murblokker i 3 høgder heile vegen.  Som kartet viser stod der berre eit hus bortom Vågenhuset. Og det var huset til Ivar Valset  (i dag huset til Magerholm).  Huset vart flytta beinvegen frå Riise ned gjenem Øyene til Sæbø.

 

Eg hadde skulevegen på Hustad sida, og såg at huset flytte seg litt kvar dag. På same tid vart

Hustad brua bygd på dugnad av Hustad karene.

                   Det vart bygd fire murhus etter det nye kartet. Ole Stokke var ein av dei som kjøpte seg tomt. Ei dag møtte han Karl Tryggeset og då spurde han:  «Har du Karl sikkra deg tomt på Sæbø ?»»Ja, ho ligg der» svara Karl og peika på kyrkjegarden.  Her var det eit møte mellem ein opptimist og ein pessimist.

                    Kartet har  vorte forandra etter kvart som nye prosjekt har dukka opp. Det er mellem anna  Skulen, Hotellet og Hjørundfjordheimen.  Og det trur eg er rette måten å gjere det på. Eg vil gi ros til dei som for 65 år sidan fekk gjenemført denne reguleringsplanen. Og dermed fekk me eit forholdsvis velregulert sentrum. Og planen har vore til stor hjelp.

 

                                                                           Sæbø 2oo8       

 Bjarne Hustadnes

 

Bilete mot Sæbø frå Sandvikområde med merk

 

 

Dette postdkortet er digitalisert av Ivar Svein Mo.  Klikk på fotoet for å få det i stor versjon.  Om kortet skriv Ivar fylgjande:

 "Bilete frå før krigen av Sæbø. Her kan vi nemne nokre hus som har merkte seg ut. Hus nr. 1 er Frølandsbuda som vart flytta to gonger. Siste gongen ut i Sandvika der B.O.Wille brukte den til monteringsverkstad i møbelproduksjonen.Huset står nedom vegen i dag. Hus nr. 2 er doktorbustaden. Hus nr. 3 er huset til Else og Svein Årseth som vart ombygt og var i same byggestil som hus nr. 4, som er huset til Elsi og Alfred Sæbønes.(Myrholhuset)"