I går trudde eg knapt mine eigne øyrer; på ei av nyhendesakene til NRK Møre og Romsdal klokka 12, lydde ei overskrift omtrent slik:  Folk gidd ikkje lenger gå på ski trass i fantastiske forhold i fjellet.

Etter kvart kom det fram at det var eigarane av dei ulike skianlegga i fylket som opplyste dette.  Alle som vart intervjua var omtrent samstemte - så snart påska er over, gidd ikkje folk lenger gå på ski.  Sjeldan har NRK Møre og Romsdal hatt så feil på ei nyheitssak.

Eg vågar påstanden:  Aldri har det gått så mykje folk i fjellet som dette året - dette gjeld også etter påske.  Også i desse dagar, sjølv om det ikkje er helg, er det tilreisande å treffe i fjellet.  Men det er ikkje berre tilreisande som tek seg ein fjelltur, det gjer også mange av oss som er busett i området og her på våre kantar er det i tillegg mange studentar som tek seg ein fjelltur

0804200049

Sist søndag var Gjøran Kvitle, Ørsta, på Randers Topp saman med ca. 20 andre.  (Foto: Mortend Ose)

I går snakka eg med Finn Håskjold, Volda.  Han kunne fortelje at dotter hans hadde nytta seg av å reise med fly(Widerøe) frå Oslo til Hovden nyleg.  Flyet hadde då floge så lavt at ho hadde sett mange fjelltoppar på nært hald.  Svært mange av desse toppane var nærast pepra med skispor.

Sjølv bur eg slik at eg ser rett bort i sørsida på Grøtdalstinden.  Også på Grøtdalstinden er det mange som går.  Søndag var der t.d. ca. 15 stk. der også.

IMGP3850 (Large)

Mange skispor i sørsida av Grøtdalstinden

(Det einaste som måtte vere å kritisere om Grøtdalstinden, er at mange er litt fantasilause.  På denne tida av året er det mange sider som er kjekkare å renne ned enn  den blaute Grøtdalstindsida ut på ettermiddagen.  Mindre skredfare er der også)

Nei, sjølv om skisentera ikkje veit betre, så er det altså svært mange som framleis nyttar seg av fjella.  Det gjeld berre at campingplasseigarar og andre greier å snappe opp desse turistane som kjem reisande frå andre stadar i landet og også utlandet.  Her må det vere pengar å hente.

IMGP3940 (Large)

Torgeir Kristian Børve frå Sogndal/Øystese er ein som i desse dagar køyrer på ski i Hjørundfjordfjella.