Flagget til topps;symbolet på fridom.Men under krigen  måtte dei til fjells og heise det i løynd.
Patchellhytta var staden  der dei følte seg frie og sterke.
Styrken fekk dei av di dei hadde brukt krabbegir  beint oppetter  Skylstadbrekka.Dei tok seg ein god rast på Byksersvoda der dei hadde  den vakraste utsikt og sildrande vatn.Til slutt hadde dei hoppa  gjennom ur med morken snø innover  Brekkedalen.
Fridomen følte dei fordi dei var høgt over bygda sitt liv og okkupasjonsmakta sin kontroll -  midt i siste verdskrigen.
Dette  historiske bildet er frå ein vårdag i 1942. Der oppe i fjellheimen kunne Bernt Skylstad og faren Johannes heise det norske flagget uten å bli straffa for det! Ein viktig augneblink for både far og son!
Lille-Bernt blei fotografert på taket av den gamle Patchellhytta.Han fekk ikkje oppleve freden.Bernt døydde i 1944, berre 11 år gammal..