Sjå link:

http://www.ungdomslag.no/artikkel.php?artikkelid=814

 

Det er alt for lite midlar i alle Fylke til kulturhusa.
Møre og Romsdal er ikkje noko untak.

Vi treng gode kulturhus og tette tak men med dagens midlar til kulturhusa så forfell dei fort.
Vi i Møre og Romsdal burde også starte eit slikt prosjekt.
Eg har snakka med den nye leiaren  Anders Slaatsveen i Norske Lagsbruk.
Det var en engasjert mann som veit kor viktige ungdomshusa/kulturhusa er for utviklinga og samhaldet ute på bygdene.
Han vil gjerne besøke ungdomshusa rundt om i landet.
Han vil prøve å lage til husmøte i alle Fylke.
Vi snakket om å kanskje lage til eit husmøte her i Ørsta der alle som driv kulturhus i Fylket blir inviterte.
Eg skal ta tak i den iden og sjå kva vi får til.
Eg skal ta det opp på neste styremøte i laget vårt og kanskje det blir husmøte på Haukly.
Kvifor skal slike møte ofte legges til sentrale plasser.
Kvifor ikkje ute på landet der ofte dei små kulturhusa ligg.
Overnatting skal vi nok klare og orne for dei tilreisende.
Dei som vil overnatte kan no skysses med båt til Sæbø.
Vi har no hat Landbrukministeren på Bjørke før.
Kvifor då ikkje be Kulturminsteren hit så ha får sjå kulturhusa våre og høyre kvar skoen trykker.
Kulturhusa treng seg eit løft også her i Møre og Romsdal.
Men eigarene av kulturhusa må samle seg skal vi bli sterke og få tyngde i krava om meir midlar til kulturhusa våre.

Eg får ta tak i saka og sjå kva eg får til .                                                            

Kulturhusa er ei viktig sak for meg.