Noko eg i dag tok opp med politikarane og ansatte i kommuna var om også frivillige lag som eig kulturhus skal betale egendomskatt dersom det blir innført i Ørsta.
Skal kulturhus og forsamlingshus som er bygd opp og eigd av frivillige lag også bli belasta med eigedomsskatt er det i tilfelle ei ekstra belastning på laga som eg ikkje godtar.
Eg har i dag snakka med både formannsskapsmedlemmar og andre poltikara.
Kulturrådgivar Jostein Mo har eg også snakka med om dette med eigedomskatt.
Rune Øye som har laga til sakspapira til komunestyremøtet
tok eg også kontakt med og fekk vete litt meir om saka.
Alle eg snakket med meinte at kulturhusa som dei frivillige laga eigde burde få unntak frå eigedomsskatten.
Men noko garanti fekk eg ikkje då det blir behandla seinare kven som får unntak frå eigedomsskatten.                              Eg oppfordrar alle lag som eig hus om å følge med så dei unngår denne ekstra skatten.
Det er i tilfelle noko gale ein plass vist dei frivillige laga som eig hus skal betale eigedomskatt av innsamla midlar og på hus som er bygde på dugnad.
Eg trur eg har med meg dei fleste frivillige lag som eig kulturhus når eg krev at kommuna gir slike hus fritak.