21.05.07-09.12.07 001Vi traff storfiskar Jostein Koppen oppe i veien og han fortalde at  storfiskar Ragnar Nygjerde hadde vore på sjøen i dag og fått mykje fisk.

 21.05.07-09.12.07 005

Vi gjekk ned for å sjå. Der var det store mengder med flott sild som han hadde fått i garnet,

og ikkje minst den store langa som han hadde fått.

 

21.05.07-09.12.07 002Langa vog han medan vi var der , og den var 18 kilo utan innmat og 21 kg med innmat.

Dette må vel være ein av dei største  langene som er tekne innpå vika her??

 

Kjempeflott fangst Ragnar,  eg trur du hadde arbeid med sild og fisk i heile dag.

 

Det var mange som var heldige å få av fangsten din .

 

Normann har stått og gjort opp sild i heile kveld. Trur det blir mykje bokna sild av det, eg veit også andre som har kosa seg med sild  i dag…

 

Tusen takk Ragnar.

 

Kjekt at det er liv på fjorden og i nausta, har også observert andre ivrige fiskarar, blant anna frå ”høgda” på Sæbøneset, - kan godt få sjå fangsten deira også på portalen J Var kjekt å sjå fangsten til Ole på  Flatneset.

 

Helsing  Elisabeth Å Dimmen  og Anna Moan