Inne på Nekkane i Skylstadmarka traff Johannes  ein vårdag  Samund ,den spreke barndomsvenen sin . Dei var vel begge midt i 60- åra. - Kom,Johannes. Eg må vise deg eit fint reir eg fann  her borte med elva.
Dei forsvann inn i orekrattet og hoppa frå stein til stein i mellom klukkande kvervlar. Johannes ville stoppe . Han gjekk i låge lærsko.Då tok Samund med langstøvlane venen sin på ryggjen og vada bort til ein stor elvastein. Der dei sto lenge og stirde, glade som opprømte gutungar, på nokre ekstra fine egg i eit lite reir. (Litt av eit syn, spør du meg . Både reiret og mannfolka).


Den dagen lærde eg at er du sterk og ung til sinns, kan du framleis rydje hindringar av vegen for å ha det interessant. Er du  sportsmann,til dømes,kan du ta kompisen din på ryggjen slik at de saman kan oppleve naturens mangslungne under!
Det er moro å møte våren med brising på setra og barkebåtkjøyring nedetter Vinstre-grova . Slikt må vi ikkje verte for gamle til.