16.februar kåra juryen dei fire vinnarane av "Årets Reportasje" på hjorundfjord.no

Juryen besto av ;

Alf_ Per_ Soel
 Alf-Ole Aarseth (juryleiar)  Per Urke   Sølvi Britt Skylstad

 

Kari Kjel
 Kari Stokke  Kjell-Johan Aarseth

Juryen fann fort ut at det var stor breidde i artiklane som vert lagt inn på Portalen, det var difor naudsynt å dele inn i fleire kategoriar før dei kunne foreta nominasjonane. Juryen bestemte seg for følgande inndeling;

   1. Årets Reportasje (open klasse)

   2. Fjell og Natur

   3. Folk og Samfunn

   4. Reisebrev og Turopplevingar

Det vart nominert 10 artiklar/reportasjer i kvar kategori, og det vert då ein premievinnar i kvar klasse.

Hensikta med prisutdelinga.

Juryleiar skriv:

Eg vil gjerne nevne at både me i juryen og folk flest elles nok er av den oppfatning at det ikkje er kåring med premiering som først og fremst motiverar folk til å skrive på Portalen. Eg trur dei fleste som skriv på Portalen gjer det fordi dei har lyst og at det er morosamt, og heller ikkje fordi folk flest som les forventar høgt nivå på artiklane som vert lagt ut.
Samtidig er det stimuli for dei fleste å få anerkjennelse for det ein gjer, ikkje først og fremst på grunn av premiering, men fordi det ein gjer vert lagt merke til av andre. Difor er det å håpe at ei slik kåring også kan bidra til at endå fleire tek skrittet og legg ut stoff på Portalen

 

 

Folk og Samfunn.

  1. For 40 år sidan - Knut Riise - 28.12.07
    = 50 poeng !
    (Premie er gåvekort på kr 500 frå Ose & Aarseth + T-skjorte) 

 

Knut Riise var suveren med sin artikkel "for 40 år sidan" i kategorien "Folk og Samfunn" og fekk full pott med 50 poeng. Sidan her var full pott så må alle jurymedlemmane ha stemt likt på fyrsteplassen og fått denne artikkelen til topps.

Artikkelen er ei skildring i ord og bilete av dagleglivet på gamle Rise. Artikkelen er nok utan tvil ein av dei som har gjort mest inntrykk av det som vart skreve på Portalen i 2007. Her kan dei som hugsar gamle Rise og også dei yngre, leve seg inn i det tette miljøet som var i dette klyngetunet som fonna tok i 1968.

Knut Rise er 60 år og er gardbrukar ilag med kona Helga på Rise i Bondalen. I tillegg til mjølkeproduksjonen har dei det absolutte største hønsehuset på våre kantar, med 5000 høner, og det er ein betydeleg produksjon av egg som kjem herifrå. I løpet av dei næraste månadane vil Knut og Helga flytte mjølkeproduksjonen sin over til den nye store fellesfjøsen på Rise ilag med tre andre mjølkeprodusentar.

Knut tek seg også tid til ski, skyting, foto og andre fritidsaktivitetar og har vore ein fast deltakar på Landsskyttarstemne. Hans sans for motiv og foto har vi fått glede av her på portalen, i samband med skrivande forteljarkunst.

Vi torer oss til å påstå at ei roleg hand på avtrekkaren om det er eit våpen eller foto har ein viss samanheng, og der har Knut vist seg som ein meister. Han har ei betydeleg samling med premiar frå ei mengd meisterskap innanfor konkurranseskyting.

Overrekkelsen av sjekken frå O&Aa
Knut Riise(tv.) får overrekt sjekken frå Ose & Aarseth AS og T-skjorter av Ivar Svein Mo og Unn Frøland.

Søndag fekk han overrekt prisen frå administrasjonen i hjorundfjord.no.

Premien som juryen hadde bestemt til denne kategorien var ei T-skjorte og eit gåvekort på kr 500 frå Ose & Aarseth AS + T-skjorte frå Hjørundfjord Bygdemobilisering.

 

Årets Reportasje (open klasse).

1. Storbukken somna - Knut Hustad 16.10.07
= 46 poeng
(Premie er middag for 2 på Rekkedal Gjestehus

Juryleiar skriv her:

"Ikkje uventa vart det 2 premiar til "storskribenten" Knut Hustad, og dette var nok ikkje heilt ufortjent!"

Knut Hustad er 49 år og gardbrukar og mjølkeprodusent, på Årsethaugen i Bondalen, der han bur ilag med kona Jane og sonen Jakob. Han er tidlegare politi, men kom heim og overtok garden då faren døde. Ja han var til og med kandidat til Lensmannsjobben sist gong, men til fordel for hans viktige kall som gardbrukar på Årsethaugen, gjekk stillinga til dagens Lensmann. I 20 år har han sete i Ørsta forliksråd og dei siste 16 åra har han vore leiar. 

Etter alle hans reportasjar og bileter frå skiturar på toppen av mange fjell, så er det ikkje vanskeleg å forstå at vi har med å gjere ein friluftsmann. Vinteren 2007 låg han i hardtrening til Birkebeinarrennet og møtte opp for å delta, men til hans og mange andre sine skuffelse så vart rennet avlyst og det var berre å vende heim. I år er det nok trening og planer på nytt.

Juryen har bestemt at den gjevaste prisen skulle gå til den gjeve forteljinga frå turen i Årsetmarka, då Knut og sonen Jakob møtte den store hjortebukken som tok seg ein middagslur, i artikkelen ”Storbukken somna - Knut Hustad 16.10.07”. Til all hell så var det ikkje ein morgongretten kar som vakna frå middagsluren, så dette gjekk bra og til glede for lesarane av hjorundfjord.no og Møre Nytt.

Juryen gav han 46 poeng dermed tok han leiinga i denne klassa.

Dette var no rekna som den gjevaste prisen og her er premien, middag for 2 på Rekkedal Gjestehus.

Unn og Knut 20080309

Unn Frøland frå hjorundfjord.no overrekker dobbelvinnar Knut Hustad ein sjekk på kr.500 og T-skjorter. Storbukken artikkelen vart "Årets reportasje" og vart premiert med middag for to på Rekkedal Gjestehus.Dette passar fint då Gjestehuset har bord-bestilling no i påska, 18. og 19. mars. Spennandes 3 rettars meny.

 

Fjell og Natur.

 

1. Skårasalen - 1542m - Knut Hustad - 24.04.07
= 39 poeng
(premie er gåvekort på kr 500 frå Ose & Aarseth + T-skjorte) 

Juryen hadde nominert 10 toppartiklar her. Her var nok konkurransen hard og den suverene samansetninga av juryen både i alder, fagleg kvalifikasjoner og den gode kjønnsfordeling kom no til syne. Her var det ulike oppfatningar om kva for ein artikkel som skulle til topps, det viser den lave poengsummen. Men vinnaren var den suverene turen som Knut gjorde i lag med ein kameratgjeng 22.04.07 til Skårasalen og ein fantastisk tur då dei rann ned LisjeSkåradalen til Skår. Reportasjen er så fullpakka med fine bilete, som artikkelforfattaren sjølv har teke mange av, at det var nok avgjerande for juryen at det vart nettopp denne artikkelen som fekk topp-poenga. Her var det 39 poeng og séier for Knut Hustad.

I denne kategorien hadde juryen bestemt som premie ei T-skjorte og eit gåvekort på kr 500 frå Ose & Aarseth AS + T-skjorte frå Hjørundfjord Bygdemobilisering.

 

 

Reisebrev og turopplevingar 

På leiting etter gamle B/F Geiranger - Sondre Kristoffer Mo - 20.09.07
= 48 poeng
(Premie er fritids/sportsartiklar frå Sparebanken)

Juryformannen uttalte her:

”Veldig hyggeleg at ungguten Sondre Kr. Mo stakk av med ein premie også synest eg, for sin gode artikkel om leitinga etter B/F Geiranger.” 

Sondre Kristoffer Mo er 12,5 år og bur på Kvistad i Bondalen. Til dagleg er han å finne på Sæbø skule, men når leksene er unnagjort, då er han fast ilag med datamaskina. Då er det hans store hobby å segle og å bygge ferjer på 3Ddata på internett, ilag med datakompisar frå andre kantar av landet. Her har han ein kompis i Stjørdal som liker å segle i lag med han, og ein i Arna ved Bergen, som er ekspert på å bygge nøyaktige kopiar av kjende båtar.

Sondre med 3D av Eiksund Sondre med Sparebank premien 08

Sondre i arbeid med Hjørundfjord

ferja Eiksund i 3D 

Premien frå Sparebank1

Ein stor fritidsbag 

Det kan vel kanskje være vanskeleg å forstå, men det er i dag råd å bygge ferjer og båtar i 3D, i programmet GOOGLE SKETCHUP. Her kan dei installere alle slags tekniske finessar og så legge dei inn i eit anna program for å segle inni ein kva som helst fjord. For eksempel Hjørundfjorden.

Sondre sitt ynskje i framtida er nok å verte mannskap om bord på ein skikkeleg båt.

Hans artikkel om å leite opp Geiranger og studere historia bak dette flaggskipet har falle i smak hos juryen, kan ein slå fast, då han oppnådde nest høgste poengsum. Pga. denne artikkelen har Sondre fått telefonar frå vide kantar, frå folk som hugsa denne båten med sjel, som dei seier. Dette har Sondre sett pris på og er fortsatt interessert i meir opplysningar og bileter av gamle Geiranger.

Vi takkar våre sponsorar til denne konkurransen:

Rekkedal Gjestehus
 Middag for to på gjestehuset.

 T-skjorter frå Hjørundfjord bygdemobilisering

Ose & Aarseth AS Logo  Sparebank1 logo
 2 premiar á 500kr. frå Ose & Aarseth  Stor fritidsbag frå Sparebanken