Fjelltur

1.

Antrekk og utstyr er annaleis, men like kjekt var det heilt sikkert. Foto: mest truleg Sverre O. Moe. Han hadde tidleg fotoapparat.

Kvar er dei på tur?

 

Habostaddalen

Løysinga kjem frå dette fotoet frå 1981. Underteikna nærast, og peikande Sverre Nupen. Teke med sjølvutløysar.

Vi står her heilt til venstre på Steinreset, Patchellhytta litt utafor høgre biletkant.

Det gamle biletet er teke frå ein høgare ståstad langt meir til høgre.

 

 

 

Fiskelukke

2.

Sverre O. Moe lengst til venstre.  Her er det fast fisk. Det er eit fjellvatn, men kvar?

Fasit frå Ingunn Hjorthaug: Vatnet ligg på Nerlandsøya, der kona til Sverre, Borgny kjem frå. Det er syskena til Borgny, Ester og Hans Kopperstad som står  å fiskar ii lag med Sverre.

 

Foreløpig mappe 020

 

3.

Sverre står nærast varden på Storehornet, men kven er dei to andre ?

 

 

Setretur

 

4.

Her er dei på setretur, men kvar? Sverre er i framgrunnen. Vidare dreg eg kjensel på Anna Kvistad Solhaug til høgre. Og Anna Ville Sørli attmed henne.

I fylgje opplysningar frå Cecilie Rørstad er biletet frå Finnesstøylen i Bakkedalen.

Foreløpig mappe 029

5.

Litt nyare bilete. Anders Hustadnes bak til venstre , Ole Mo, Reidar eller Jørgen Mo og Lars Hustad. Jorunn Mo Remvik med ei venninne frå Ålesund på kvar side? Og kvar er dei? Kvamsedalsfjellet?

Foreløpig mappe 030

Her er fleire av dei same personane, men er det same turen? Her er dei i alle fall i Kvistaddalen.

I fylgje Svein Ivar Mo er dei to jentene mellom Lars Hustad og Anders Hustadnes systrene Marit og Synnøve Nordang. I midten sit Jorunn Mo Remvik og Anna A. Kvistad g. Remmereit.

 

Foreløpig mappe 018

 

6.

Kjenner du denne varden? Heilt  i framgrunnen kjenner eg att samvirkestyrar Øverland og bak han til venstre frua hans. Karl Frøland til venstre attmed varden.

Fasit: Foto frå Grøtdalstinden ca. 1930.

Framme f.v. Olav Øverland, Anna Ville Sørli og Lars Moe. I midten, Mary Frøland, Emma Frøland, med Synneva Øverland framføre. Ingeborg Mo Nordang, Oline Frøland og Anna Solhaug. Bak: Andreas Frøland,  Karl Frøland, Sverre O. Moe og Rolf Eide.

 

Fjelltur 2

 

7.

Denne var nok verre, men kven tek denne?

Gammal seter

8.

Og her er vi? Kvistadsetra. Joselet nærast.

Foreløpig mappe 062

9.

Kven er dei, og kvar har dei vore å fiska?

Foreløpig mappe 022

10.

Her var eit triveleg skilag. Betsy Myrhol til venstre, Anna Sørli. Dei 2 til høgre  er Odd Ville og Anna Solhaug.

Foreløpig mappe 028

12.

Dei var ivrige på ski før i tida også. Eg dreg kjensel på ein av Gotekarane. Greier du fleire?

Etter Ivar Svein Mo er desse personane frå venstre: Knut Mo, Sigvart Kvistad, Olav Botn frå Volda, Rolf Eide, Edel Løvoll frå Ålesund, Brit Mo Eide, Randi Mo, Martinus Mo, ukjend. Framme: Kari Kvistad frå Ålesund. Foto frå før 1938.

Takk til fam. Hjorthaug som er eigarar av bileta.

Ein flott serie av bilete frå forbygging av Bondalselva på 30 talet er også i albumet.

Kanskje skal eg lage ein artikkel om det fantastiske arbeidet som vart utført med forbygging av elva ved eit seinare høve.