J14 tok søndag nok 2 sigrar og ledar dermed pulja si. Jentene har vunne 14 kampar, spelt 1 uavgjordt og tapt 1.
Dermed har jentene kvalifisert seg for sluttspelet i Trondheim 4-6 april!
Jentene har att 2 kampar denne sesongen og desse blir spelt neste søndag borte mot Valder og Godøy.

Åmdal/Sæbø/Ørsta- Aksla2:

Jentene var her heilt suverene og leda til pause 9-3. Andre omgong var rein einvegskøyring og jentene kunne juble over siger 19-5!
Måla kom ved: Hanne 1, Elise 1, Aina 1, Nina 2, Michelle 3, Malene 5 og Else Marie 6.

Siger mot Aksla 1
Vi jublar over siger! Ingeborg, Else Marie, Emilie, Nina, Maria, Marthe og Malene.

Åmdal/Sæbø/Ørsta- Aksla:

Dette var ein kamp mellom dei to antatt beste laga i avdelinga. Og det vart ein utruleg spennande kamp! Aksla tok leiinga og Å/S/Ø følgde "hakk i hæl" heile vegen. Aksla leia 8-9 i pausa og beheldt den til midt i andre omgang då våre jenter tok føringa. Mot slutten rykte Å/S/Ø ifrå med tre mål og kunne juble over siger 16-13!
Målskårarar: Else Marie 1, Emilie 2, Marthe 3, Michelle 3 og Malene 7.
Ein kamp der både angrep og forsvar fungerte flott, spesielt etter pausen.
Ein kjempekamp av alle spelarane!

Desse var med i dag: Malene, Hanne, Nina, Maria, Else Marie, Michelle, Aina, Elise, Emilie, Marthe og Monica.

Else M
Else Marie går mot mål..

Takling
og blir takla! Michelle, Else Marie liggande, Malene og Hanne.

Kamp mot Aksla3
I forsvar: Monica i mål, Malene, Aina, Else Marie, Hanne og Michelle.

Siger mot Aksla 3
Vi takkar for kampen: Else Marie, Marthe, Malene og Aina.

Siger mot Aksla 4_edited-1
Vi er best!!!

Gode dommarar var Kaisa Holte og Rebecca Batts!!

NrLagKamperVUTMålforskjellPoeng
1.Åmdal/Sæbø/Ørsta161411315- 16929
2.Bergsøy181224271- 18626
3.Aksla151203269- 13324
4.Rollon171106262- 19722
5.Volda Turn og IL161015260- 19821
6.Aksla 218819214- 20817
7.Hødd184212215- 28510
8.Valder154110160- 2279
9.Blindheim174013161- 2668
10.Godøy16001663- 3210
 SkarbøvikTrukket
 Stranda