Eit lag fekk prosjektmidlar.

(Bilete kan klikkast på for å få full størrelse)

Midlane som vert delt ut er oppdelt i gåvemidlar og i prosjektmidlar. Det vart delt ut til eit prosjekt i Hjørundfjorden, og det vart til Bondalen Grendahus.

Grendahuset har hatt ein stor lekkasje på torvtaket og det har berre vorte verre og verre og no til våren må noko gjerast. Kostnaden til å skifte taket har vore kalkulert til framimot 300.000 kroner og ein slik kostnad vil gjere økonomien vanskeleg for huset.Total utdeling til lag og organisjonar i banken sitt område
Totalt delte  banken ut 1.350 000 kroner i prosjektmidlar.

Eit håp var å prøve Sparebank1 sine prosjektmidlar og gleda var stor ved leiar Rune Mo og styret i Grendahuset, når meldinga kom om at ein skulle møte torsdag 14 mars i Volda til eit milliondryss til lag og organisjonar til allmennyttige føremål,frå Sparebank1.
Grendahuset fekk ein sjekk på 40.000 kroner til taket på Grendahuset og dette kjem godt med, seier Rune til hjorundfjord.no, og vi er svært takksame overfor banken.

 

Dugnad-grendahuset-II
Det var tidlegare gjort reperasjon på taket i Grendahuset innvendigt, då ein trudde det var kondensskadar, men lekasjen kom utanfrå. F.v.Hallvar Mo, Kenneth Myrhol og Rune Mo

 

Det var 19 lag som fekk gåvemidlar i Hjørundfjorden.

 

Bjørke

 

 

Skjåstaddalen Frilynde Ungdomslag                       

2500

10.500,-

Prillargurinemnda

1500

Bjørke Grendalag

2000

Bjørke Hornmusikk

2000

Bjørke I.L

2500

Norangsfjorden

 

 

U.L.Slogen

2500

7000,-

Nordang Grendalag

2000

Nordang IL

2500

Standal

 

 

Standal Grendalag

2500

2500,-

Hjørundfjorden

 

 

hjorundfjord.no

1500

1500,-

Sæbø og Bondalen

 

 

Hjørundfjord kyrkje barnekor

2000

18.500,-

Bondalen Hornmusikk

2000

Bondalen Pensjonistlag

1500

Bondalskoret

2000

Hjørundfjordkvintetten

1500

Sæbø I.L Allidrettsgruppa

2000

Sæbø IL

2500

Sæbø IL Handballgruppa

2500

Trimgruppa- Sæbø IL

2500

Tilsaman kr.

 

40.000,

 

 


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

5 lag fekk midlar på Bjørke og Storfjorden på ein samla sum på 10.500 kroner.
Hjorundfjord.no har teke kontakt med enkelte av gåvemottakarane og leiaren i Bjørke grendalag jublar når ho høyrer om gåva:
-Kjempeflott at me har fått så mykje pengar!
Når det gjeld kva grendalaget skal bruke pengar til er det å halde fram med dei sakene me har heldt på med, slik som arbeid for rassikring, breibanddekking, Kvivsvegen og busetjing i bygda.

 

 

 

 

PrillarGuri 10 årsjub. 04.03.2007
kyrkjekonsert_bjoerke_27.7.07_web
For eit år sidan var der 10 års jubileum for PrillarGuri. F.v. Enok Kippersund, Marita Bett Jensen, Cecilie Rørstad, Gry Anita Skjåstad og framme Bård Rørstad Sellereite 27.juli.2007 arrangerte PrillarGuri nemnda kyrkjekonsert.


Når det gjeld Prillargurinemnda vil me gjenta suksessen frå i fjor og også ha nye og spanande arrangement, slik som kunstutstilling, barneriding, fjelltur, marknad, kyrkjekonsert m.m. Her jobbar me på spreng med å få på plass detaljane i programmet for arrangementa. Dato for årets arrangement vert 7 -10. august.
Komiteen oppmodar alle om å setje av desse dagane! Seier Cecilie til hjorundfjord.no


Og på Haukly ungdomshus er ikkje leiaren, Perry Bjørke, noko mindre glad for dei 2.500 kronene han fekk. På spørsmål om kva han kjem til å bruke pengane til er det store og mange prosjekt som ventar:

- Sparebanken gir litt til alle som søker, og det er no bedre enn at nokre store lag fer med heile potten.
Takk til Sparebanken for midlene dei deler ut kvart år. Støtta vi fekk frå Banken skal komme alle aktivitene på Haukly til nytte. Moroklubb - Musikkverksted og Filmklubb
Om det ikkje er dei store beløpa så er det ei viktig oppmuntring i arbeidet vidare.
Det er no eit signal frå Sparebanken at dei set pris på det barne og ungdomsarbeid vi driv med.
Eg håpet på å få noko i prosjektmidler i eit viktig prosjekt angående straum til pumpehuset/vasstilførsel til Haukly. Men man kan no ikkje nå opp støtt i den store søknadmassen.
Eg har kalla inn til styremøte i dag og så får vi sjå på kva vi gjer med denne saka vidare.
Kjekt var det ivertfall at Bondalen Grendahus fekk 40.000 kr til taket på Grendahuset. Hjørundfjorden fekk då i allefall 1 prosjekt i år. Seier Perry

Musikkverkstad på Haukly
PIC_2417 kopiera
Musikkverkstedet har opplærings kurs annan kvar onsdag, men er ope kvar dag viss ungdom vil øve der. Jentene er på Moroklubb på Haukly. Dei er opptekne med å pynte pepparkakehus som skal loddast ut. Pynten må, som du ser, kvalitetstestast!
Frå venstre er det: Mathilde Øye Bueide, Sunniva Øye Bueide og Inga Rørstad Sellereite.


Perry gler seg også over dei andre som har fått gåver i Storfjorden, og skulle det være nokon fleire enn banken, som har noko til overs, så tek han gjerne imot meir gåver til Haukly. Huset er ein viktig institusjon i bygda og treng heile tida fornying og vedlikehald.

I litt seine kveldstimar har vi også hatt ei lita telefonrunde og kontakta gåvemottakarar frå idrettslaget på Sæbø og Haldis Fiskå Mo frå Trimgruppa- til Sæbø IL kan puste letta ut, for gruppa har kjøpt inn fjelltrimpostar og har ikkje midlar til rekningar som ligg og ventar, så dette kom vel med. Trimgruppa arrangerar fjellturar, dametrim/voksneturar på måndagane om sommaren. Seier Haldis

Måndagstrimmen for damer 07
Hanballjentene 07
Måndagstrimmen 07 påveg opp på Stokkehornet Handballjentene våre.


Og tilslutt så er Hjørundfjordportalen ein lukkeleg gåvemottakar. Kanskje er vi den gåvemottakaren som er dårlegaste bemidla, men vi har 476 registrerte medlemmar.I tillegg til at vi set pris på gåva så føler vi stor annerkjennelse for at banken ser verdien i arbeidet vi gjer. Gåva er til heile Hjørundfjorden og vi skal nytte den til det beste for ei god utvikling på Portalen.

Ivar Svein Mo