På midten av 1800-talet reiste fleire malarar rundt i landet og teikna folk i draktene sine. Joachim Frich var mellom anna i Hjørundfjorden. Det mest kjende biletet herifrå er brudeparet som har vore trykt i både sogeskrift og bygdebøker. Han mala også bilde av to kvinner frå ”Jørgenfjord” Mest sannsynlig var det kyrkjekleda dei var kledde i då dei stod modell for malaren. Det er også bestekleda som er tatt vare på for ettertida. Vi har funne fleire plagg på Sunnmøre Museum, og mange i privat eige.

Draktene på desse bilda, kallar vi no for folkedrakter, fordi det var slik folk gjekk kledde på den tida. Det var skilnad på kor pynta dei var til fest og i sorg, og kvardagskleda var heilt sikkert mykje enklare i stoff og prydnad, eller dei var avlagde besteklede.

Det ein har sett så langt, er at snitt og fasong har mange fellestrek. Når det gjeld stoff og prydnad var variasjonen stor, folk brukte det dei hadde tilgang på.

Randa (stripete) heimevove forkle finn ein mange av. Fargane på rendene variera mykje.

Kjøpetøy var gjævare enn det ein tilverka sjølv. Bomullsforkle med trykt mønster, silkesjal, band i silke og fløyel, m.m. var populære kjærestegaver.

På slutten av 1800 talet kom bymoten til bygdene også, og dermed blei klesmoten lik over heile landet. Samstundes kom det vi i dag kallar bunad inn som ein ny mote. Nokre etterlikna dei gamle kleda, men andre skapte sine eigne bunader. Broderiet kom sterkt inn som mote i desse bunadane.

På byrjinga av 1900talet reiste Hulda Garborg, og seinare Klara Semb rundt i landet, og heldt leikkurs. Bunadane var ein del av den folkekulturen dei ivra for.

På Sunnmøre vart det sett ned ei bunadnemnd med Ragnhild Vogt Svendsen som leiar. Dei samla inn klede frå heile området, også her frå Hjørundfjorden. Dette var rundt 1920, Dei følgde moten /rettleiinga om korleis ein bunad skulle sjå ut, og no var det ullgarnsbroderi /rosesaum som var gjævast. Bunadane som vart skapt på denne tida er vakre drakter, som er blitt svært populære.

 

Kva så med desse draktene som Frich teikna, og som vi finn att deler av, litt her og litt der, og som det kanskje finnes meir av på loft og i kister, rundt om i husa. Nokre av dei er blitt rekonstruerte, og tatt i bruk som bunad. Rekonstruksjonen følgjer retningsliner som Bunad og Folkedraktrådet på Fagernes har sett opp.

Truleg er det meste av dei gamle draktene borte. Gamle festplagg vart brukt opp att til barneklede eller kvardagsklede når slitasjen var blitt for stor til at det kunne kallast festklede. Likevel kan det vere at delar av draktene framleis finnast og at desse kan visast fram. Dei ulike draktdelane kan varierast og det hadde vore stas om klede frå Hjørundfjorden kan vere med på å bli til nye plagg som kan brukast i den rekonstruerte bunaden.