Spørsmålet er like enkelt som svaret er vanskeleg:  Kva heiter fjellet på fotoet under?

quizB

Dette er quiz nr. 2 av i alt 3.  Den tredje kjem i løpet av fredagen.  Svein Myhre var den som var raskast ute med rett svar på quiz 1. Svaret var som nemnt Bladet.

No tenkjer kanskje nokre at Bladet har tapt seg - høgda har blitt mindre.  På ein måte er nok det rett.  I ein e-post til meg nemnde Helge Standal at det må vere svært mykje snø i området - sikkert fleire meter.  Så det må nok vere forklaringa på eit småvokst Bladet.