Vi som bur heilt nær (sikkert andre og) er nyfikne på kva ordning HB kan tenkje seg for å knyte nord og sør saman over elva. Kva bruprosjekt vert det arbeidd med? Event. allereie prioritert.

Kanskje er de inne i ein prosess slik at de førebels ikkje vil uttale dykk? Men ifølge "rykter" er alternativa ei bru som lekk i den nye riksvegtraseen. I tillegg ei bru som bind saman promenaden langs sjøen.

Den vesle brua som no er, er vel snart verneverdig? Skal den verte ståande? Avgjerslene er vel kanskje ikkje tekne, men det hadde vore interessant å høyre kva tankar/forslag HB har om dette.