DSCN0876

Holmshornet tronar, men under er det sjåverdigheiter.

Eg har sjølv gått strekninga Sæbøneset - Mienddalen fleire titals gonger på jakt etter sauer, og eg har også gått frå Mienddalen og til Høydalen. Altså nord for Sæbøneset. Nokre stader vil det vere uråd å gå langs sjøen, men berre ved å trekkje nokre titals meter opp frå land, vil det gå bra.

Starten på turen er frå Flatneset (oppe ved garden). Ein passerer steinbrotet og går utover stranda om lag 150 meter ovanfor fjorden. Der er det alt ei rås.

Når ein har kome slik at ein kan sjå inn i Mienddalen, har ein to alternativ. Ein kan trekkje ned til fjorden, og sjå den artige Geithellaren heilt nede ved sjøen. Her får ein steinalderkjensla, og kan prøve å førestelle seg korleis forfedrane hadde det når dei søkte ly for veret under ein hellar, gjorde opp bål med flintstein, og åt nyleg jakta kjøt eller plukka urter.

I området er det faktisk bergmynte (ein oregano-art). Når ein er ferdig med stoppen her, kan ein krysse Miendalselva nesten nede ved sjøen, og gå mot Holm.  

 

Alternativ 2 er å gå over Miendalselva oppe i dalen, der det er to vad. Dei heiter sjølvsagt Nedste vadet og Øvste vadet. Desse vada er nede i nokre juv, og det går faktisk an å bade i minikulpane. Det er kaldt. Når ein har kryssa elva, kan ein gå ned mot Holm. 

DSCN1353

Turen startar på Flatneset (øvst i busetnaden på Sæbøneset) og då går vi nordover. 

 

Holm er eit nes mellom Mienddalen og Halvardssvoddalen. For fritidsfiskarane i fjorden er Holm eit kjend storseidmed, men den største attraksjonen for turgåarar, er Holmsura.

 

Dette er eit Skorgeura i miniatyr. Her ligg store kampesteinar og blokker, og det er råd å gå under steinane. Perfekt for gøyme og leite for barnefamiliar. Frå Holm og nord til Høydalen, over Halvardssvoda, er det mogleg å gå nede langs sjøen, men over eit om lag hundre til to hundre meter område er det sva, og det er glatt. 

 

 

Før ein kjem til sjølve Høydalen, kjem ein til Spjøtneset. Her er dte varmekjær skog, og ganske idyllisk når det er godt ver.  Så kjem ein til Høydalen, som er rosinen i pylsa. Fyrst er det ei lita fin steinstrand, eigna for bading og grilling.

 

 



Men så openberrer kulturskatten seg: Tuftene og støda etter folket som budde der for hundre år sidan. Med litt rydding her, kjem både ruinane og støda fram i lyset, og dette vil vere ein kjempeattraksjon. Frå Høydalen og til Standal er det mykje sva, og det er glatt og bratt. Men som det har vore kommentert på portalen. Her er mogleg å gå.