Den 11. mars klokka 0930 kan vi igjen få kjøpt bakarvarer som er bakt på Sæbø.  På dette tidspunktet opnar Nutte (Kanutte Strand) og Daffa (Dagfinn Strand) dørene til Strands bakeri og dermed er påskesesongen for bakeriet i gang.

IMGP1877 (Large)

Allereie den 11. mars opnar Daffa påskesesongen hos Strands bakeri på Sæbø.  Og då har han ikkje berre brød som står til heving - ferske brød i fleire variantar  - inkl. eit nytt, grovt speltbrød, vert å finne i bakeriutsalet.

Opningstida vert frå klokka 0930 til  1630 på kvardagar og laurdagane - inkl. påskeaftan - vert opningstida frå klokka 0930 til 1400. Har du tenkt å kjøpe større kvanta med brød, t.d. på påskeaftan, kan det som vanleg vere lurt å bestille på førehand.

Strands bakeri startar no også å bake eit nytt, grovt speltbrød.  Dette brødet vil vere å få kjøpt i bakeriet no i påskesesongen.  I tillegg får ein kjøpt alle dei tradisjonelle brøda  som vi er godt vande med.  Og kva med wienerbrøda, skulebollane, timpene og alt det andre gode? Kom igjen - alt dette vert å finne i hyllene.  Sjølvsagt vert det også høve til å få kjøpt ein kopp kaffi i kafeen/bakeriutsalet for den som måtte ynskje det, seier Nutte og Daffa.

IMGP1874 (Large)

I tillegg til selje brød, vil Nutte også servere kaffi og ferske bakarvarer i mange ulike variantar i kafeen.

Hjarteleg velkomne til alle, sjølvsagt også turistane, seier Nutte og Daffa.