I desse dagar vert ei brosjyre med  informasjon og flotte foto trykt.  Målet er å få politikarane i Ørsta til å frigi det aktuelle arealet  snarast slik at detaljplanlegginga for prosjektet Veg til Skårasalen kan starte. Det er initiativtakaren og leiaren for Arbeidsgruppa for veg til Skårasalen, Ivar Aarsæther, som seier dette til hjorundfjord.no.

IMGP2540 (Large)

Ivar Aarsæther, leiar for Arbeidsgruppa for veg til Skårasalen

I Arbeidsgruppa for veg til Skårasalen, som er ei undergruppe av Hjørundfjorden bygdemobilisering, finn vi som nemnt Ivar Aarsæther.  Han har med seg Elling Kvistad, Ansgar Kvistad og Knut Aarseth.  Desse tre er grunneigarar på Kvistad.  I tillegg har Aarsæther entreprenør Lars Petter Strandmann med i gruppa.   Elling Kvistad vedgår at gruppa har brukt mykje tid på å få ferdig den 23 siders store informasjonsbrosjyra, men takkar samstundes leiaren for Næringskontoret i Ørsta, Martin Foldal, for god støtte i arbeidet.

IMGP2547 (Large)IMGP2535 (Large)

Frå venstre ser vi først dei tre grunneigarane på Kvistad: Knut Aarseth, Ansgar Kvistad og Elling Kvistad.  På foto til venstre ser vi entreprenør Lars Petter Strandmann.

På fotoet under ser vi korleis arbeidsgruppa meiner den aktuelle vegen bør leggast i terrenget.  Som vi ser, går ikkje den raude streken heilt til topps.  I brosjyra kan ein lese fylgjande: "Vegprosjektet er planlagt på ein best mogleg miljømessig måte for ¨å skåne terreng og utsiktspunkt.  Øvre del av vegen er lagt i tunnel for å unngå skade på turstiane som går til toppen av Skårasalen".

Skårasal prosjektteringbildemed svinger

Slik ser arbeidsgruppa for seg at Skårasalvegen skal gå

Det aktuelle arealet i Kvistaddalen er i dag verna.  Dermed kan veg til Skårasalen ikkje byggast.  Det førebelse målet til arbeidsgruppa er difor å få frigjort arealet snarast - og det er det berre politikarane som kan gjere. Ivar Aarseæther og dei fire andre i gruppa vil difor no dele ut dei aktuelle informasjonsbrosjyrene først og fremst til våre folkevalde som bestemmer.  Aarsæther har god tru - "alle" seier at Hjørundfjorden er satsingsområde for turisme, hevdar han.

Alle fem meiner dette er eit unikt prosjekt og Elling Kvistad er trygg på at dersom vegen kjem, vil Skårasalen vere det høgste punktet i Nord-Europa du kan køyre bil til og samstundes sjå i havet. Lars Petter Strandmann ser ikkje vekk ifrå at ein veg til Skårasalen også vil styrkje grunnlaget for å bygge djupvasskai i Ørsta til turistskip.

Så litt tørre tal.  Slik vegen i dag er planlagd, vil den få ei lengde på 12 km, den vil stige 1000 høgdemeter og den vil få ei stigning på 1 : 10.  Vegen må ha to køyrefelt, eller berre eitt dersom det vert laga nok møteplassar.  Det siste er nok mest truleg. Og prislappen? - Sjølvsagt ikkje fastsett enno, men for 60 millionar kroner skal vi få gjort mykje, trur Strandmann.

Arbeidet med brosjyra har elles ikkje berre kosta tid, pengar vil også gå med.  Dei fem er så ivrige at dei brukar pengar av eiga lomme, men dei vonar også på støtte frå lokale sponsorar.  I tillegg betaler Hjørundfjorden bygdemobilisering ein del.

Og til slutt: Kva er drivkrafta til dei fem?  Vi vonar å hjelpe Ørsta kommune med å få fleire turistar hit og sjølvsagt kjenner vi oss trygge på at dersom vegen kjem, vil den skape mange arbeidsplassar - også til Hjørundfjorden, seier dei fem.