I høve artiklane om snøskred på Rise og i Sledalen 1968 kom eg over to bilete teke av min onkel Olav Standal.

Bileta står uten kommentar. Dette er det andre enn meg som veit meir om. Eg viser i staden til artiklane som alt er lagt ut om hendingane (sjå nederst).
MEN det hadde vore av historisk verdi om nokon kunne skildre litt meir om det omfattande arbeidet med å rydde opp. Rydding, nydyrking - kor lang tid tok det? Nye dyr? Økonomiske tilskot? Bygdafolket stilte dei opp?

Det må ha vore fleire møter og anna knytta både til dette, og ikkje minst noko så omfattande som å flytte grenda Rise var nok fleire instansar inne?
Kor lang tid tok dette arbeidet, kven var med på å bidra?
Her er det sikkert fleire som kan fortelje?


Motiv frå Sledalen. 

Sled

Riis

Motiv frå Rise - veit nokon kven som er på biletet?


1) Førti år etter 19. februar 1968 - ras andre stader enn Risegrenda  (Per Urke)

2) Kl. 6.40, 19. februar 1968 - om Risegranda (Knut Riise)

3) For 40 år sidan - (Knut Riise)

4) Bjarne Hustadnes fortel om Riseulukka. (Knut Riise)

5) Ein skjebnens dag den 19.februar 1968 i Sledalen (Ivar Svein Mo).

6) Årsetgarden på gamle Rise, framtil 19. februar 1968