Når du går oppover mot ein fjelltopp med ski på føtene vert det fort i varmaste laget sjølv om temperaturen er på minussida på gradestokken.  Til slutt er det gjerne berre ei tynn devoldtrøye og ein ryggsekk på overkroppen - kanskje med tillegg til ei hue og eit par vindvottar.

IMGP2561 (Large)

Fred Ingar (Somby) med standard oppoverutrustning.  Jakka er i sekken - det same er ofte hua og vottane også.

Men så er toppen der.  Då gjeld det å ta seg god tid, byte til tørre klede, setje seg ned å nyte utsika, ete nistematen saman med god, varm drikke og sjølvsagt fotografere litt - hadde det ikkje vore for vinden.  Og vind har det vore mykje av i fjellet i vinter.

Nei, i praksis vert det å få på seg jakka i full fart, få på seg hjelm, og ullvottar i tillegg til vindvottane.  Så er det berre å setje utfor.  Å nei, ein ting til må gjerast - skifellane må av.  Dette gjeld uansett , om naglibiten herjar, om det snøar eller regnar, om kulingen er stiv eller støl - skifellane må av...

Eg vedgår lett at eg stort sett brukar å røske dei av i full fart og trykkjer dei snarast råd ned i sekken og tek problema etterpå.  Slik er det ikkje med Fred Ingar.  Han er ein sindig mann med sans for teljekantar.  Han har alltid med seg oppvebvaringsposen opp.  Han har også med seg nettingen som skal ligge mellom limsidene på skifellane.  Og sjølv om fingrane hans må vere kalde og stive som isjuklar og vinden pip rundt øyrene, legg han først ned den eine skifellen med limsida opp.  Så legg han nettingen oppå der igjen og til slutt den andre skifellen på toppen.  Men av og til kan vinden skape problem, sjølv for ein finnmarking og på denne toppen kom også eit ord eller to som ikkje står i nynorskordboka mi. Men det gjekk bra til slutt -  sjå berre under.

IMGP2564 (Large)

Først skifell, så netting og snart er skifell nummer to også på plass - hadde det ikkje vore for vinden.

IMGP2562 kopi

Vind, ja, men framleis er smilet på plass.  Men Fred Ingar prøver på nytt...

IMGP2565 (Large)

Slik, no er alt på plass. Men er ikkje vinden i ferd med å ta tak i den øvste fellen igjen?

IMGP2563 (Large)

Det var vel her dei ikkje heilt fine orda kom...

IMGP2567 kopiIMGP2569 kopi

Til venstre:  - Har du ikke fotografert nok nå? Til høgre:  Ser du, det gjekk fint til slutt.  Skifellane er fint bretta saman - med teljekant.

Denne turen er ikkje heilt fersk - nesten arkrivstoff.  Men skrivinga no skuldast lengt etter betre (snø)vêr og finare dagar.  Det må også nemnast at då eg sa ja til Fred Ingar om å bli med på denne turen så var føresetnaden at han ikkje skreiv om den nokon stad - eg heldt på å gjere noko viktig arbeid i heimen.  Men, men... No skriv eg litt om denne turen sjølv.  Kvar Fred Ingar er veit eg ikkje heilt nøyaktig, men han er  på ein plattform der dei borar etter olje eller gass.  Og han er i alle høve ein stad - som vi har sett i det siste - ein stad der dei ikkje har æ, ø eller å på tastaturet.

Vi kom oss no velberga ned denne gongen også, sjå under.  Ein liten quiz må sjølvsagt vere med.  Kva heiter eigentleg dette fjellet som det er fotografert ifrå?  Kvar ligg det?

IMGP2596 (Large)

Knut

Det er vel tvilsamt om det vert ein vane, men å avslutte ein skitur med eit kafebesøk er vel ikkje så verst?

IMGP2606 (Large)