Klikkar du på linken under, får du sett ein filmsnutt på 4 minutt og 30 sekund.  Snutten er sett saman av av 89 foto for det meste av turar på Hjørundfjordfjell i løpet av siste året - med unntak av eitt foto.

Dette er sjølvsagt ein filmsnutt for entusiastar, men - får eg håpe - ikkje berre det.  Eit mål med denne "film"-snutten må også vere PR for området vårt slik at fleire tek turen hit, både unge og gamle. Det kjekke med desse turane er også at både unge og litt eldre  har det triveleg i lag.  Per Atle Røe er nok med sine 64(?) er nok den eldste som er med, men han har slett ikkje tenkt å slutte med fjellturar på ski.  Det har heilt sikkert heller ikkje yngstemann på laget, Vegard Riise (22).  Elles må eg berre beklage at så få jenter/damer er med.  Det må rettast på til eit seinare høve.

Min gode turkamerat og svigerson Fred Ingar Somby og eg har etter kvart fått eit stort fotoarkiv.  Eg fann ut at det måtte nyttast betre.  Elles er det for det meste Fred Ingar, min gode turkamerat Ronny Opsahl Haugen og underteikna som er på fotoa, men vi ser og fleire andre. Kjenner du dei?

IMGP2354 (Large)

Skientusiast Vegard Riise er ein av dei du finn på filmsnutten under

Stor takk til Fred Ingar, som har brukt mykje tid med Photoshop og takk til min kjære son Jakob, som har lagt på lyd.  Og sjølvsagt stor takk til Roy-Magne Mo.  Denne filmsnutten vert liggande berre på portalen no i helga så send ein link til dei som evt. er interessert.

Skru opp volumet på pc-en og klikk her:

Denne linken er no dessverre fjerna.  Det er ingen dramatikk som ligg bak, men det har med opphavsrettar/Hjørundfjordportalen og underteikna å gjere.  Skulle det vere ein eller anna som gjerne vil sjå snutten, og ikkje får sett den på anna måte, ta kontakt med underteikna på e-post.  Adressa finn de under "Kontaktpersonar" øvst til venstre.  Og kven veit - kanskje er snutten allereie å finne der ute i verden slik Rune S nemner i sin kommentar?