Det siste døgnet, fram til klokka 07 søndag morgon, kom det 64 mm nedbør på Hustad.  Det er kanskje ikkje svært så mykje, men regnet og snøsmeldinga heldt fram utover søndag føremiddag.  Dermed vart det ein del skadar på gards- og sidevegane i Bondalen særleg frå Kvistad og framover.  Lenger nede i dalen såg det ut til at skadane var mindre.  Det har nok samanheng med at mesteparten av snøen her allereie var borte.

IMGP2689 (Large)IMGP2695 (Large)

Til venstre ser vi Bondalselva ved Årsetbrua og til høgre den same elva ved Rekkedalsbrua.  Fotoa er tekne ca. klokka 11 søndag føremiddag.

På Villane hadde store delar av Villabrauta bokstaveleg tala hamna nede på riksvegen.  Då veggrøftene var fulle med is, tok vatnet lettaste vegen.  Gode naboar på Villane tok fatt i problemet og fekk i første omgang fjerna massa frå riksvegen slik at i alle høve denne vegen vart farbar for bilar.

IMGP2709 (Large)

Jan Rune Ville fjernar her sand og grus frå riksvegen.

IMGP2712 (Large)

Kraftig snøsmelding og mykje regn fører nok ikkje berre til meirarbeid på nydyrkingsfeltet til Jørund Mo på tryset.  Faren er nok stor for at det fører til auka kostnadar også.

IMGP2699 (Large)

Fleire gards- og jorbruksvegar såg omtrent slik ut i midtre og fremre Bondalen i dag.

IMGP2708 (Large)

Vatnet gjorde og skade på kommunale vegar.  Her ser vi at ei stikkrenne ikkje klarer å svelge unna.  Dermed kjem vatnet inn på vegen.