IMG_1971

Faksimile av artikkelen i Widerøe-magasinet "Perspektiv".

 

Det er ei sjeldan lovprising av skiterrenget, naturen og bygdene i og kring Sunnmørsalpane som vert skildra i artikkelen. Han er skirven av svenske Rikard Andreasson, medan bileta er tekne av Fredrik Scheneholm.

Smak til dømes på denne: "Sæbø er den absolutt vakraste staden på Sunnmøre". Eller smak på denne: "Dette området vert kalla Sunnmørsalpane med rette. Dei spisse toppane gjev skikøyring av verdsklasse med fallhøgd opp til 1.600 meter." Og er ein ikkje mett enno, kan ein smake på denne: "Ikkje nok med det, vestkysten av Noreg har snømengder som på gode år kan samanliknast med nordamerikanske laussnøparadis."

Perspektiv er Widerøe sitt gratismagasin som ligg i setelommene på Widerøe-flya, og som ligg på flyplassar kring om. Artikkelen er skriven både på engelsk og norsk, og med å følgje linken, og klikke på "Skireisen", kan du lese artikkelen på Widerøe sine heimesider i pdf-format;

http://www.wideroe.no/modules/module_123/proxy.asp?D=2&C=507&I=3606&U=Y