Skipper og båteigar Oddvar Olsen er på naudsynt verkstadopphald med skyssbåten M/S "Hjørundfjord", men båt må fjorden ha.  Difor har han hyrt inn M/S "Nordic Genesis" og båteigar/førar Elder Kurseth frå Sykkylven.  Det er difor det er denne båten som no er å sjå på Hjørundfjorden.

IMGP2746 (Large)

M/S "Nordic Genesis", eigd av Eldar Kurseth frå Sykkylven.

Denne båten tek ikkje så mange personar, den er godkjent for 12 passasjerar, men den eignar seg svært godt for mindre grupper, opplyser Eldar.  Marsjfarta er på 37 knop, men toppfarta er på heile 42,5 knop.  Vil du leige båten frå Ålesund til Sæbø går det sjølvsagt heilt greit - framleis i fylgje båtførar/eigar Eldar Furseth - og på den strekninga brukar båten berre ein halv time.

Båten er nok laga for fart - den er ikkje så brei, men den er 44 fot lang.  Tirsdagane brukar å vere ein travel dag for skyssbåten på Hjørundfjorden.  Dagen i dag var ikkje noko unnatak, men ein snartur til Skår for å hente Gulbjørg tok ikkje mange minutt.

IMGP2727 kopiIMGP2729 (Large)

Det tok ikkje mange minutt frå Sæbø til Skår for å hente Gulbjørg.  Til høgre er "Genesis", som den vanlegvis berre vert kalla, på veg ut fjorden igjen.

IMGP2726 kopiIMGP2760 (Large)

Til venstre båtførar og båteigar Eldar Furseth.  Klikkar ein på fotoet til høgre, ser ein at båten er bygd i 2005.

No må det seiast at Eldar rett nok bur i Sykkylven, men han reknar seg nesten som hjørundfjording, fødd og oppvaksen i Hundeidvik som han er.  Og at han reknar seg som hjørundfjording er ikkje så rart, kan Thomas (Hustad) opplyse.  Hundeidvik låg nemleg under  Hjørundfjorden heilt fram til 1792 - i alle høve tilhøyrde Hundeidvik  fram til då Hjørundfjord tinglag.

IMGP2761 (Large)

Thomas Hustad(t.h.) har sjekka i sine historiske papir og har funne ut at Eldar Kurseth trygt kan rekne seg som hjørundfjording.

Men på tirsdag er det og legedag på Bjørke og det er fast rute Bjørke-Sæbø/retur denne dagen.  Rykta går om at Perry Bjørke også var på Sæbø i dag.  I tillegg til dette hadde 8. klasse ved Sæbø skule bading på Bjørke.  Det var tydeleg at også denne aldersgruppa likte den raske båten.

IMGP2774 kopi

8. klassingane likte den raske båten godt.  Her rundar den Hustadneset i ettermiddag.

Og dagen til Eldar vart avslutta med litt kontorarbeid ombord.  Er du interessert i å leige denne båten til eit eller anna oppdrag, set Eldar Kurseth pris på om du tek kontakt.  Han er å treffe på telefon 922 86342(båten), eller Eldar Kureseth på telefon 911 15518.

IMGP2764 (Large)

Dagen vart avslutta med litt kontorarbeid ombord.