B/F ”Eiksund” tar 28 bilar,og ”Nørvøy” 22, så det har vert ei auke på 6 bilar i kapasitet. Men ”Eiksund” har nye sertifikat og KOPAS(sjølvutløysande flåte), ”Nørvøy” hadde ingen av delane. Derfor utrangerte dei ho og la ho i opplag i Hjørungavåg og let ho vente på ein kjøpar…
Ikkje så mange hadde møtt opp
Eiksund på Sæbø for første gong kl. 18.30 31. Januar, noken lokalfolk har møtt opp for å sjå på den nye ferga

Ferga har no gått i 17 dagar, det har kome litt klagar frå folk som reiser med ferja for m.a støy og vibrasjon og mørk salong, men ellers er dei fornøgd med å ha ei litt større ferge.

På Hustadneset
Eiskund på Sæbø fergekai
Eiksund passerer Hustadneset, eg ser på.
Eiksund ved Sæbø fergkai like før avgang.

Eit problem som melder seg sterkare no er den gamle forfallen fergekaia og utvasking av kaia av propellstraumen frå ferja som no er sterkare på den nye, og vil fort gjere meir skade på kai og bebyggelse. Men vegvesenet har pålagt fergemannskapet om å slakke ned i god tid for å ikkje vaska grunnen ut bak kaia. I MRF ”til kaileggingsordre”står der ”farten skal reduserest slik at man kan legge til kai med en propell og i tilfelle black-out skal bulkskadene vere minimale”, så da kan man kanskje slippe å bruke den propellen som er ved kaia berre den som er akter så vi slepp utvasking?

Utvasking 1
 Eiksund uti fjorden
Som dokke ser vaskar ho godt.
Eiksund passerer sola med fjorden i bakgrunnen.

Så no blir det spennande å sjå om ho greier å slå Nørvøy med sine 11 år, Vestra med sine 16 år og Norddalsfjord med sine 10 år og går inn i epoka..eller kanskje ho blir erstatta etter 1-2 år? Kven veit?