Hjørundfjorden

Kan dette området utviklast, utan at det får følgjer for miljøet?

Som journalist i Møre-Nytt er eg politisk kastrert, slik Einar Førde ein gong sa om rolla hans som kringkastingssjef. Når ein arbeider som journalist er ein formidlar, ikkje meiningsdannar. Det er også mitt utgangspunkt i denne artikkelen, sjølv om einskilde vil lese det eg skriv både i en eine og andre retninga.

Grunnen til at eg skriv denne artikkelen, er debatten om Skårasalvegen. Saka om veg til Skårasalen har utløyst eit stort engasjement. Nokre er eldsjeler for realisering av vegen, andre er eldsjeler for naturvern. For å understreke det: Eg har stor respekt for begge partar.

Alle har talerett

Først ein liten digresjon. I debatten om Skårasalvegen vart det brukt som argument at mange utflytta sa nei til Skårasalvegen. Eg håper for Guds skuld at dette ikkje er meint slik at utflytta ikkje skal kunne uttale seg om det som skjer i fjorden. Sjølv merka eg meg at mykje ungdom engasjerte seg i debatten. Dette er ungdom som er ute for å ta utdanning. Vi håper å få dei tilbake til fjorden og regionen, og skal dei då høyre at dei ikkje er meiningsberettiga om utviklinga i fjorden, vert det etter mitt syn for dumt.

I fjorden har vi no ei rekkje saker der det handlar om utvikling versus miljø. Vi har småkraftutbyggingane, søknadene om oppdrett innover heile fjorden, massetak på Standal, og turismeprosjekt som Skårasalvegen.

Eg har også tidlegare registrert ynske om at Hjørundfjorden skal få dispensasjon frå det generelle forbodet om heliskiing, slik at det kan startast turismeprosjekt med helikopter for skituristar til Skårsalen og Trandalhatten.

Eg skal driste meg til å ta nokre standpunkt, som eg meiner kan vere førande for den vidare debatten: I alle fall er utbyggingsprosjekt der kapitalen kjem lokalsamfunnet til gode betre enn der kapitalen vert henta ut og hamnar på Kypros.

Hjørundfjorden Natur 003

Er her plass for oppdrett?

Oppdrett

Når det gjeld oppdrettsanlegg føler eg det siste. Oppdrett har skapt mininamlt med arbeidsplassar i Hjørundfjorden, med unnatak av det landbaserte anlegget på Urke.

Men landbasert anlegg er noko anna enn sjøbaset. Dei sjøbaserte anlegga er eigde av folk utanfrå, kapitalen reiser til Kypros, og arbeidsplassane er i alle fall ikkje her.

Miljøkonsekvensane av sjøbasert lakseoppdrett har vorte dramatiske: Truleg er den atlantiske villaksen så truga at han vert raudlista. Det vil seie at det ikkje vert lov å fiske på han lenger. Det vil føre til store konsekvensar for Sæbø. For etter mitt syn er to campingsplassar og to butikkar på Sæbø avhengige av sommarturismen som villaksfisket i Bondalselva gjev.

Då vert Sæbø straffa for at vi for tretti år sidan sa ja til utbygging og nei til miljø. Vi såg utsiktene til kortsiktig økonomisk gevinst for fjorden, og rekylen har vorte hardare enn vi trudde. No er stoda at vi ikkje kan velje begge deler: Anten vel vi oppdrett, og pengane til Kypros og John Fredriksen, eller vi vel å satse på den siste sjansen vi har til å berge villaksen.

DSCN2344

Skyene gjev regn over Hjørundfjorden, og mulegheiter for kraftutbygging. Skal vi byggje ut alt?

Kraftutbygging

Så til småkraftutbygging. Vi har grunneigarar som sit med vassressursar. Det gjeld heile fjorden. Nokre får bygt ut, andre ikkje. Ser vi vekk frå dei økonomiske sidene om skatt/balanse/overskot, handlar det for meg naturvern kontra utbygging. Dei første kraftutbyggingane i fjorden var lokale e-verk. Så kom storkapitalen, og det vart Tussa.

Med Tussa har vi sett at verdiane har vorte fordelt til fellesskapen ­– til fordeling for heile Søre Sunnmøre.

Men for å stille eit annleis spørsmål: Har Hjørundfjorden og spesielt Bjørkeområdet tapt pengar og utviklingsmulegheiter fordi Tyssefossen vart bygt ut? Eg veit ikkje, men eg tvilar.

No har vi småkraftutbygging. Trandal vart bygt ut. NVE sa nei til Sætrefossen, men ja til resten ved Vågen kraftverk. Det er ja til Urke, medan søknaden om Standal har teke så lang tid å handsame hos NVE at det tyder på sterk tvil. For min del ser eg dette positivt. Hjørundfjorden må ha fossefall å vise fram, alt kan ikkje byggjast ut. Eg stolar faktisk på dei politiske prosessane fram mot konsesjonsvedtak eller ikkje. Dette er demokrati, sjølv om nokre grunneigarar føler det urettvist, medan andre ikkje gjer det.

DSCN1350

Sæbøneset: Det er ynske om hytteutbygging. Bør det tillatast?

Massetak


Vi har i Hjørundfjorden siste tida hatt tre saker som gjeld utvikling av massetak. For Holen Sand & Grus vart det svært restriktiv, for Flatnes vart det eit ja stort sett etter planen, og for det aller største, Standal, pågår diskusjonen no. Dette er i høgste grad saker som gjeld utbygging versus natur- og miljøvern. Dette er også saker som gjeld utvikling av lokalt næringsliv. Alle desse massetaka gjev fleire arbeidsplssar i Hjørundfjorden. Så vidt eg skjønar er også massetaka lokalt åtte, slik at kapitalen vert verande på lokale hender. Det er positivt.

På den andre sida etterlet slike massetak sår i landskapet, ja, dei endrar landskapet. Men er dette til hinder for turisme? Tenk etter, når de er ute og reiser, ynskjer de ikkje å sjå litt av den lokale næringsaktiviteten dit de reiser?

Skårasalvegen

Til sist vil eg kommentere turismeprosjekt, som Skårasalevegen. For å seie det først. Eg har ikkje teke standpunkt. Eg ynskjer ein grundig analyse. Det som likevel slår meg, er om det her vert satsa på gårsdagens turisme. Ein veg til Skårasalen vil verte basert på busstrafikk, diesel og utslepp. Eg har ei kjensle av at bussing av turistar, slik vi kjenner det, kan vere på veg ut i desse klimatider. Men kanskje tek eg heilt feil, og dette er framtida. Då må det kome noko i tillegg, slik at turisten kan leggje att pengar lokalt.

Vi ser no nemleg satsingane til Tide (CruiseService) og 62 grader Nord. Det er flott at dei vil vise turistar Hjørundfjorden, men dei legg ikkje att særleg med pengar lokalt på denne måten. Er vi fleire enn Margrethe og Bjarne og Frank som vil satse på opplevingstilbod i fjorden?

Lat ikkje turistsatsinga verte slik satsinga på lakseoppdrett vart, nemleg at pengane forsvann til Kypros og litt Vartdal. Då seier eg heller ja til massetak. 

Helsing

Rune Sæbønes

Medlem styringsgruppa i Hjørundfjord bygdemobilisering