Alle foto:  Kåre Karlsen og Ola Rangsæter.  Klikk på fotoa og få dei i stor versjon.

 

På Møre Auto og i Fjord1 Buss Møre i Furene jobbar det ein heil del personar som har stor bilinteresse. Etter at ei gruppe av mekanikarar og sjåførar tidlegare har vore på fabrikkbesøk hos leverandørar i Sverige, både hos Volvo og sist hos Scania i Södertälje, var det stemning for å besøke verdas største produsent av nyttekøyretøy – Mercedes-Benz i Tyskland!

 

MB tur feb 08 389 (Large) 

 

Reiseleiar Ola Rangsæter på ein replika av verdas første bil. Globetrottar Magnar Aklestad heilt til høgre

 

 

Etter ei god modningstid, var motivasjonen i aller høgste grad til stades for å gjennomføre dette. På ei privat feriereise i fjor haust gjorde ”reiseleiar” Ola Rangsæter litt undersøkingar kring moglegheitene for å kome til ulike fabrikkar og museum hos Mercedes-Benz, eller Daimler, som produsenten av bilane heiter! Gjennom litt oppfrisking av tyskkunnskapane som Ingebrigt Kolås banka inn i haudet på reiseleiaren for 25 år sidan, vart det sett saman eit program som dei reiselystne gav grønt lys for.

 

 

MB tur feb 08 451 (Large)

 Desse var med på storturen til Tyskland:  F.v. Lars Petter Strandmann, Christian Åm, Kåre Karlsen, Jostein  Kvistad, Magnar Aklestad, Ola Rangsæter, Karl Olav Johansen, Pål  Grebstad, Sigmund Vatne, Henning Aarsæther, Frode Wangen, Nils Inge  Aarsæther, Hjalmar Kalvatsvik, Leif Jon Masdal, Elling Westerås.  

 

 

Ørsta var godt representert på turen med 10 mann, i tillegg til 3 voldingar, 1 frå Geiranger og 1 orkdaling. Av deltakarane frå Ørsta fann vi 3 hjørundfjordingar; alle personar i framskotne posisjonar og sjølvsagt Mercedes-eigarar: 

Pasjonert globetrottar Magnar Aklestad, konserndirektør i Kvistad-konsernet – Jostein Kvistad, samt adm.dir. i Strandmann Maskin, Lars Petter Strandmann.

 

 

MB tur feb 08 046 

 Pasjonert globetrottar Magnar Aklestad og konserndirektør i Kvistad-konsernet,  Jostein Kvistad, stolte ikkje på logistikken til SAS...   

 

 Dei to førstnemnde stolte ikkje heilt på logistikken til SAS, og likte kanskje heller ikkje tanken på å stå tidleg opp onsdag 6. februar. Så dei reiste til Gardermoen dagen før, og tok inn på hotell der, som seg hør og bør når storfolk er på tur… i tillegg var dei også først gjennom innsjekkingskøen, og kunne morgonfriske konstatere at etter kvart dukka også dei andre deltakarane opp. Litt forseinka frå Gardermoen, men likevel tidleg på dag, kom reisefølgjet fram til den store lufthamna i Frankfurt. Her var det tinga 2 minibussar som skulle vere framkomstmiddelet under rundturen syd til Karlsruhe, aust til Stuttgart, og attende til Frankfurt. Gruppa ønskte sjølvsagt helst å gjennomføre heile bilreisa i Mercedes-minibuss, men det vart berre t/r Furene-Vigra at dette slo til. Hos Budget fekk gruppa utlevert 2 bilar frå ein General Motors-fabrikk i Rüsselsheim (altså Opel). 

Kaptein Kvistad, som var ein av sjåførane på rundturen, foreslo for den eine bilagenten hos Budget at den andre agenten (ei ung, lyshåra ei) kunne bli med som guide. Det skulle visstnok ikkje koste ekstra heller, men når det kom til stykket var og vart det 15 MANN som tok laust mot første stopp på turen.

 

 

IMG_3181 (Large) 

 

 Kaptein Kvistad(bak rattet) var ein av sjåførane på rundturen. Lars Petter Strandmann i døra.  Men Kvistad vil heller køyre "Invild" enn ein Mercedesbuss...   

Heimekjær GPS

 Reiseleiaren hadde lagt att kartboka si heime, men det skulle ikkje vere problem sidan kapt. Aklestad hadde med sin GPS. Etter å ha rigga til og plotta inn destinasjon, fekk førstepilot Rangsæter beskjed om ”- Kjør ombord i fergen!” Sidan det ikkje var noka ferjekai å finne i Frankfurt, la gruppa av garde med vanleg vegskilting som rettleiar. Den tyske skiltinga er god, så dette var ikkje stort problem. Dessutan hadde trønderen i gruppa hugsa på si kartbok, så ein hadde litt å hjelpe seg med. GPS’en leita framleis etter satelittar, og ropte stadig vekk at ein skulle køyre ombord i ferja. Etter kvart gjekk det opp for dei reisande at det var Hjørundfjordferja GPS’en ville ha bilane ombord i! Det skulle nemleg syne seg at den medbrakte Garmin’en var så heimekjær at den ikkje hadde forlete Sæbø enno! 

  Teknisk museum i Sinsheim

 Det kjempestore Auto+Technik-museet i Sinsheim var første punkt på programmet. Her er ei kjempesamling av bilar, samt alle moglege tekniske saker og ting; damporgel, krigsmateriell, lokomotiv, syklar, lirekasser, og fleire fly. Det var to som vekte særleg oppsikt og som ein kunne gå opp i. Eitt fransk Concorde-fly og ein russisk Tupolev. Som den garva tekniske kritikar Jostein Kvistad er, meinte han at instrumenteringa i cockpiten på den russiske Tupoleven kunne vore produsert minst like godt i ei middels smie på Sunnmøre! Reiseleiaren vart litt engsteleg for at dette museumsbesøket skulle vere så vellukka at resten av turen vart sett i skuggen. Trass stor begeistring etter besøket i Sinsheim, skulle denne angsten vise seg å vere ugrunna! Vel, gruppa skulle til Karlsruhe for å overnatte. Garmin-GPS’en hadde framleis ikkje greidd å lokka sjåførane til å køyre ombord i ferja frå Sæbø, så den prøvde med ytterlegare opplysningar: ”- Kjør så 26 km på rv. 655!”

Tryggestad er ein god plass å reise ut i verda frå, men gruppa låg framleis nokre steinkast framfor satelittnavigatoren. Etter litt ufrivilleg sightseeing i Karlsruhe, berre med retningssansen som hjelp, leigde gruppa drosje for å finne fram til hotellet. Det viste seg at ein hadde gitt opp berre litt for tidleg, for hotellet låg litt lengre framme i same gata. Då den guidande drosja svingte inn framfor hotellet, vakna plutseleg Aklestad sin GPS opp på tysk jord, og guida oss perfekt inn til hotellet! Seinare på kvelden var det middag på den mest eksklusive restauranten i heile Karlsruhe. Forretten skulle ein verte godt kjend med utover på turen, hovedretten var førsteklasses, og desserten var eit kunstverk! På dei arrangerte måltida stod det eigne menykort for Mercedes på borda – det var tydeleg at restaurantane heldt stilen fullt ut i møte med kvalitetsvande besøkande hos Mercedes! 

Verdas største lastebilfabrikk

 

Torsdagen starta i praktfullt vårver, med sol og fin temperatur. Som eine turdeltakaren formidla heim på telefon; ”- Småfuglane synge og para seg så det e ei lyst!” Wörth-werke er Mercedes-Benz sin fremste lastebilfabrikk - den største i verda, faktisk, og sikkert den mest moderne. Eit imponerande anlegg, med utstillingshallar, opplæringssenter for kundar som ofte hentar sine nye lastebilar rett frå fabrikken, ein restaurant som hadde eit buffetbord omlag som på Union i Geiranger, og eit areal så stort at ein vart køyrt rundt i buss. Gruppa fekk sjå heile produksjonslina frå første sveis til dei ferdige bilane vart køyrt ut på testbana. Imponerande!!!

 

IMG_3158 (Large) 

 Frå verdas største lastebilfabrikk.  Kaptein Jostein Kvistad(t.v.) fotograferer.   

 

Kursen vart sett mot Sindelfingen, like vest for Stuttgart. Her skulle gruppa få sjå den store personbilfabrikken som produserar fleire av dei mest kjende bilmodellane, og vart møtt med norsk flagg utanfor besøkssenteret. Men først var det meir mat… Imponerande å sjå kor automatisert produksjonen av bilar var. Det var ikkje mange prosentane av arbeidet med å produsere ein bil som vert gjort med handemakt! Også her vart gruppa bussa rundt om mellom dei ulike delane av fabrikken.

 

IMG_3168 (Large) 

 Utanfor besøkssenteret vart den norske gruppa møtt med norsk flagg.   

 

Torsdags kvelden sjekka gruppa inn på Hotell Wartburg i Stuttgart, for opphald fram til søndag morgon. Namnet på hotellet fører tankane hen til 2-takts-motor og austblokkbilar, dessutan skulle det vise seg å vere eigd av den tyske indremisjonen!!! Men hotellet var godt plassert berre eit par kvartal frå det mest sentrale sentrum i Stuttgart. Om kvelden var det middag på ein tradisjonell, schwäbisches restaurant, og sidan det var torsdag var det ball-dag. Semel-knödel kom på bordet, saman med mykje anna godt, og endåtil Jostein Kvistad hadde problem med å ta unna all maten som vart servert. No var alle så mette at ein var sprekkeferdig…

 

 

IMG_3190 (Large)

 

 Men Herr Kvistad hadde ikkje problem med desserten...  

Om å restaurere veteranbil

 

Fredag føremiddag møtte gruppa opp på Mercedes-Benz Classic Center i Fellbach, ein forstad aust i Stuttgart. Her var det historie om heile Daimler-Benz sin bilproduksjon, og det vil seie også om heile verdshistoria innan bilproduksjon, sidan Daimler og Benz var dei første med bilproduksjon i det heile! Guidinga gjennom senteret vart gjort av en pensjonert Mercedes-tilsett, som kjende kvar ein detalj om bilane og drifta. I verkstaden stod m.a. førkrigs-Mercedes’en til kongen av Jordan. Den var på totalrestaurering etter å ha blitt skotskadd under eit bakhaldsangrep på veg til arabisk toppmøte hos Saddam Hussein medan han var diktator i Irak.

 

IMG_3184 (Large) 

Denne Mercedesen, ein 1955 modell 180 av Ponton-typen., har ikkje like bra finish som Jostein Kvistad(t.v.) sin 60 modell.  Det ser vi heilt klart.   

 

 Også fleire sjeikar hadde Mercedesane sine til full restaurering på Classic Center, og då er det gjerne snakk om eit år eller fleire i arbeidstid. Pengar er ikkje tema for slike, og bilane vert oftast levert og henta i private transportfly. Men då Jostein Kvistad fortalde guiden vår at hans Mercedes hadde vore til full gjennomgang og restaurering hos oldtimer-senteret i Freiburg heilt syd i Tyskland, vart guiden svært imponert: ”- Dei gjer svært godt arbeid i Freiburg, men dei er ganske dyre!” Og då skjønar ein at kvaliteten på arbeidet må vere ekstremt bra, sett ut frå kven som kom med utsegna! 

I delelagerskranken hadde Jostein fleire førespurnader på deler til sitt prakteksemplar av Mercedes 180 B. Det vart handel på noko, medan andre ting vart lagt på is. Kanskje like bra, for vel komen heimatt innsåg sjølv den kresne Jostein at delene på bilen heime nok var like gode som nye.

 

MB tur feb 08 443 (Large)MB tur feb 08 635 (Large)  

 

No var turdeltakarane begynt å verte ganske så hjernevaska, og hadde stjerner i blikket alle som ein. Turen gjekk no til den store motorfabrikken i Untertürkheim, ved elva Neckar som renn gjennom Stuttgart. Her er også hovudadministrasjonen til Daimler, og besøksansvarleg hr. Torsten Hoppe møtte gruppa for å vere vert under lunsjen i den eksklusive besøksrestauranten på området. Han las velkomsthelsing på eit gebrokkent norsk, med fuskelapp, og var så formell at han spurde om lov til å henge av seg dressjakka, endå om stolryggane allereie var fulle av opphengde jakker(!) Hr. Kvistad fekk nok ein oppstigelse denne dagen, denne gongen på motorfabrikken, då Honda sin dieselmotor vart omtala som ein av verdas beste – til sitt bruk, vel å merke. 

 

Mercedes-museet

 

Laurdagen var avsett i si heilheit til besøk på det nye Mercedes-museet ved Neckars breidder. Her vart gruppa motteken og utstyrte med høyretelefonar som guidar ein gjennom heile museet, etter kvar ein befinn seg i lokala, og etter kva bil eller tidsepoke i utstillinga ein befinn seg attmed. I heis vert ein teken heilt til topps i det store bygget, og vandrar så nedover i etasjane og galleria der alle typar og aldrar av køyretøy frå Daimler-Benz sin produksjon vert presentert. Gjennom dei ulike tidsepokane vert viktige tekniske, politiske og utviklingsmessige hendingar og nyheiter referert, slik at ein heile tida finn den rette ramma kring dei køyretøya ein ser utstilt.

  

Pavebilen, og verdas vakraste gravferdsbil

 

Etter ei tidlegare, svært lokal, hending, som også kunne vere eit potensielt revynummer, frå Ose i Ørsta, har verkstadgjengen hos Møre Auto hatt ei spesiell interesse av å sjå den såkalla ”Pave-bilen” på museet. Dette er ein oppbygt, glaspansra Geländewagen, der paven vart sett i stolen og frakta trygt gjennom folkehavet. Denne bilen vart beundra, men Pål Grebstad la sin elsk på ei heilt spesiell ”Bestattungswagen”- altså ein begravelsesbil. Designet på denne bilen var heilt unikt!

 

IMG_2919 (Large) IMG_3187 (Large)

 Pål Grebstad(ved pavebilen) la sin elsk på begravelsesbilen til venstre.  Pavebilen til høgre

   

”Nye Ingvild”, og ”Kvistad-Mercedes” av tvilsam kvalitet?

 Jostein Kvistad vart observert i ein splunkande ny Mercedes-buss, som også var utstilt i museet. Dette er vel det næraste ein har kome ei erstatning for ”Ingvild”- fleire har prøvd å gi Jostein ny buss, men til inga nytte. Det er berre ”Ingvild” han vil ha!!! Men lengre nede i etasjane vart det full stopp for hr. Kvistad. Her stod nemleg utstilt ein Mercedes 180 av Ponton-typen. Maken til den som står i garasja hos Kvistad Auto i downtown Sæbø. Bilen vart behørig fotografert, og Jostein traff ein tyskar som sjølv hadde slik bil, og heldt på å restaurere på eiga hand. Det vart ei lengre samtale, og også her vakte restaureringa av Jostein sin bil i Freiburg betydeleg anerkjenning. Men Jostein sjølv vart ikkje særleg imponert over det utstilte Ponton-eksemplaret på museet. Det var ”spindelvev” i lakken (kanskje etter for mykje vasking?), og glansen var ikkje slik som på Sæbø-utgåva av denne biltypen. (Må no vere ein tankevekkar, Jostein, når bilen Mercedes sjølv stiller ut i eige museum har dårlegare lakk enn den som står i di garasje…) 

  I rekvisitabutikken i kjellaretasjen i museet vart det kjøpt både klede, husafyll og ting til både peishyller og bokhyller. Mange av turdeltakarane måtte pakke grundig om i bagasjen for å få plass til alt som vart handla her. Etter nok eit flott måltid i restauranten, tok gruppa seg tid til å gå inn i kundesenteret som ligg vis a vis museet. Mange i gruppa, deriblant kaptein Aklestad, fann sin nye draumebil, og dersom innbyttebilen hadde vore med denne dagen, så hadde nok kontrakta vorte underskriva der og då!

MB tur feb 08 446 (Large) 

 Magnar Aklestad(t.v.) kjøper snart ny Mercedes.  Men kva med Sigmund Vatne? 

 No var alle så mette på både mat og inntrykk, at det var nesten så ein la seg tidleg laurdagskvelden før avreise søndag morgon. Returen gjekk nordover mot Frankfurt att, med spenstige framlegg til vegval frå GPS’en. Å køyre med navigasjon er noko som må lærast – det vart ein del ”ploging” inn mot kryss og avkøyrsler, når ikkje skilt og beskjedar frå ”dama på dashbordet”stemde overeins. Men i ukjende byar er GPS eit utruleg godt hjelpemiddel – takk til Magnar Aklestad for utlån! Og leigebilane kunne i det minste leverast attende like heile som då dei vart henta ut. Vel attende i gamlelandet kan ein tenkje på ein tur der ein reiste som reinaste stortingskomiteen på synfaring, åt som kongelege, vart mottekne som rikaste sjeikane, såg på bil i godt lag med likesinna bilfolk, og fekk mange gode minner og og opplevingsrike dagar.

 Ola Rangsæter