Ein kveld med teori i Ålesund, to dagar med praktisk opplæring på Overøye i Stordal.  Slik var skredkurset lagt opp - skredkurset som Sunalp med Christer Lundberg  i spissen, arrangerte i helga.  Hjørundfjordingar deltok -  også som instruktørar. 

0802100051 kopi

Menn på kurs.  Frå venstre:  Fred Ingar Somby, instruktør Christer Lundberg , Jarle Riise, Knut Hustad og Sindre Rudi, Ørsta.  Foto:  Gjøran Kvitle.

Eg skal ikkje ein gong prøve på å gje att kursinnhaldet, men eit par viktige ting må nemnast. Er du usikker på om det er skredfare eller ikkje - og det gjeld vel framleis dei fleste - ikkje gå i brattare fjell/hellingar enn 30 grader.  Som eit døme kan det nemnast at framsida/sørsida av Grøtdalstinden er ca. 40 grader på det brattaste.  Det er flakskreda som er den store faren for skiløparar og desse skreda vert ikkje løyst ut når hellingsvinkelen er mindre enn 30 grader.  I tillegg må du sjølvsagt passe på at du ikkje vert teken av skred som kjem ned frå fjellsidene  når du går i ein dal.

IMGP2656 kopi

Gjøran Kvitle, Ørsta, lærer her å bruke eit kompass med hellingsvinkelmålar.  Eit slikt kompass bør alle som går i fjellet ha.

Etter første kurskvelden i Ålesund var det ein tanke som slo ned i hovudet til underteikna; reis heim og legg fjellskina på hylla.  Men etter at søndagen var over hadde vi 25 som fekk vere med heile kurset fått inn såpass mykje kunnskap slik at vi igjen skal våge oss ut på ein fjelltur - når forholda tillet det. 

Det var to tema som var sentrale for kurset - opplæring om skred og skredteikn og kameratredning.  Stort sett heile laurdagen gjekk med til opplæring i korleis kameraten skulle finnast igjen og gravast fram om han eller ho - trass i opplæring - vart teken av skred.  Statistikken er nemleg heilt klar: Vert du teken av skred overlever 90 % om du vert funnen og graven fram innan 15 minutt.  Etter 45 minutt overlever berre halvparten.  Må ein skredteken vente på at det offentlege hjelpeapperatet skal finne han,  er overlevingsprosenten berre 20...

IMGP2646 kopi

Sjekk av sendar/mottakar før start søndag. Christer Lundberg, Gjøran Kvitle og Jarle Riise.

Det er tre ting som er sentrale i kameratredning - sendar/mottakar, søkestong og spade.  Christer opplyste at kva merke sendar/mottakar (skredsøkar) du kjøper, spelar mindre rolle, men han var sterk og klar på at du må kjøpe spade med blad av metall/aluminium.  Plast er ikkje godt nok.  Han opplyste også at til no er ikkje norskproduserte søkestenger gode nok.  Du må kjøpe ei med wire innvendig - ikkje tau.  Ei søkestong skal heller ikkje verte varig bøygd - ei skreiv søkestong går ikkje rett ned i snøen.  I tillegg til desse tre tinga bør som nemnt kompass med hellingsvinkelmålar vere på plass i ei lomme på jakka før du går på fjelltur.

08020900050802090006

Til venstre ser vi korleis ein sender/mottakar sender ut bølgjer.  Til høgre lærar Rune Lied og Fred Ingar Somby å bruke søkestong etter at søket med sendar/mottakar er gjort. Foto:  Gjøran Kvitle.

Men det er ingen vits i å kjøpe utstyr dersom ein ikkje tek seg tid til å lære bruken av det.  Mykje kan lærast ved sjølvlæring, men vent ikkje med å lære deg å setje saman søkestonga til etter at skredet har gått.  Christer Lundberg  peika på mange viktige moment, eitt av dei var det å observere.  Ser du at ein kamerat vert teken av skred, må du prøve å fylgje vedkomande med augene fyrst.  Det er mykje raskare å bruke blikket så langt som råd framfor å starte med å sjå ned på sendar/mottakaren med ein gong.

Vi som deltok på kurset laurdag fekk også sjå Kristin Dyrkorn bruke lavinehunden sin Millie og vi fekk sett redningshelikopter på nært hald.

0802090020IMGP2638 kopi

Informasjon om Sea King redningshelikopteret til venstre.  Til høgre finn lavinehunden Millie personen ho leiat etter.  Eigaren heiter Kristin Dyrkorn.

Instruktørar på kurset frå Hjørundfjorden var Kjetil Leknes og Roar Saure.

Kurset var utan tvil svært lærerikt.  Mange i Hjørundfjorden har gått på kurs tidlegare og mange har store kunnskapar om snøskred og redning.  Likevel er det mange som ikkje har slike kurs.  Oppfordringa må vere at ein ved neste høve melder seg på eit slikt snarast råd dersom ein har tenkt å gå i fjellet i brattare områder utanfor oppmerka løyper.  Prisen var heller ikkje avskrekkande, kurset var gratis.  Ein måtte berre betale kr. 500,- for ein fantastisk middag  laurdagskvelden og overnatting natt til søndag på Blåtind i Stordal.

08020900320802100057

Takk til vertskapet for eit fantastisk opphald på "Blåtind".  Søndag var det visst eit par som gjekk i bakken.  Personen sitjande på fotoet til høgre er ukjent. Den andre er Christer Lundberg.  Foto:  Gjøran Kvitle.

Takk til Christer & Co for eit flott kurs.

0802090001

Og hovudsponsoren for kurset var...?