Om kjeldene:

Knapt noko er så verdilaust som ei utlesa avis. Det er kort veg til papirkorga for noko så lite aktuelt. Men du verda kor nyttig det er å ha avisene å ty til når du skal finne ut kva som skjedde "den gongen". På Fylkesbiblioteket kastar dei ikkje avisene. Dei store (Sunnmørsposten, Tidens Krav o.l.) vert innbundne i store permar og i tillegg mikrofotograferte. Lokalavisene som Møre-Nytt og Sykkylvsbladet vert sirleg samla i bunkar, innpakka og lagra i årgangar.

Hit går eg og kan finne ut det meste som har skjedd siste 100 åra på Sunnmøre. Venlege personar tek heisa til underetasjane og kjem straks etter frå fjernarkivet med det du ønskjer! Eg gjer mine notatar og avfotograferer bilete. Det vert ikkje toppkvalitet av slike foto, men i dag er det er bodskapen som tel.

Den 19. februar 1968 må det ha vore intenst i redaksjonen på Sunnmørsposten. Meldingane om rasulykker hagla inn og journalistar, lokale meldarar og fotografar måtte kome seg ut i full fart..  Frå Hjørundfjorden kom meldinga om raset frå Korsen som tok Risegrenda, men det kom meir:

FINNES

Alt i fem-halvseks-tida denne dagen gjekk kjempefonna og Sunnmørsposten si overskrift var slik tysdag, 20. februar:

Overskrift om Finnes (2)

Ingen ting kunne stanse dei ville kreftene som var lause. Fonna brøytte seg veg som ein brottsjø, lauvskogen vart knekt som fyrstikker. Ein kampestein på storleik som eit vanleg hus ute på eit jorde, var velta over ende som ein trekloss.  Ein freda haug nokre hundre meter ovanfor huset til John Finnes, hadde hovudæra for at husa i tunet vart berga. Haugen delte fonna i to armar som rasa vidare mot sjøen og gjorde skade på si ville ferd.

Folk vakna av eit smell som fekk ein til å tenkje på torebrak. Dette går att hos alle dei som fortel om korleis dei vakna denne dagen. På Finnes var det mange som la seg til att, men så høyrde dei ropa frå huset til Monrad Reiakvam. Finnes og fonna (2)

Foto frå Finnes same dag som raset gjekk

Folk kom seg på beina og i hjelpesløysa, som kunne lamme nokon kvar, var det berre å konstatere at ingen menneske var omkomne, men halve stovehuset, ein garasje med bil og traktor, løa, stabburet til Monrad Reiakvam var tekne av fonna. Fire store naust var borte der det hang store landnøter som no dreiv ut over Hjørundfjorden.

Monrad og fonna(2)

Monrad Reiakvam miste mykje. Til og med materialen til nytt stovehus vart teken av raset. Han svara avisa at han ikkje kjem til å bygge nytt hus på Finnes.

Ferja kom frå Viddal i åttetida om morgonen og henta folk og frakta dei til Bjørke der postmann Sverre B. Bjørke og butikkeigar Agnes Bjørke var klare med husrom og varm kaffi til folket som måtte røme i all hast.  Johan Finnes og kona ville likevel trasse fonnfaren og dei vart att på Finnes. Det var då 108 år sidan det sist hadde gått fonn på Finnes, men då i mindre omfang.  Fredinga av Haugen på Finnes var framtidsretta og no gjorde han nytte for seg nok ein gong.

SLEDALEN 

Lensmann John Riise vart vekt av telefonen klokka fem på halv sju om morgonen den 19. februar. Det var melding om ei fonn som hadde rive ei løe i Sledalen. Han ringde til betjenten og ba han rykke ut. Ikkje før han hadde avslutta samtalen og kome seg i seng att, small det på Rise.

Overskrift Sledalen

I Sledalen var det den nye løa til Karl Slettedal, den siste av gardbrukarane i Sledalen, som var riven av raset. 12 mjølkekyr, nokre ungdyr og 12 sauer vart drepne. Det var så vidt fonna gjekk forbi stovehuset der Karl, Synnøve og dei fire borna låg og sov.

Eg viser til eigen artikkel som Ivar Svein Moe skriv om Sledalsraset!

SKÅR

Den kjempestore fonna i Furegjølet gjekk same morgonen. Fonna delte seg i to og strauk tett forbi løeveggen til Jetmund Skår.  Alle husa var uskadde, men fonna gjekk i fire hundre meters breidde.

STENES

Ei kjempefonn løsna frå toppen av Stålberghornet. Bøane frå ende til annan var dekte av fonnrone, men nok ein gong gjekk ytste neset - der husa ligg - klar. Kjempekreftene som var i sving, vart illustrerte då ein stor rogn, med rot, vart riven opp øvst på bøen, fire-fem hundre meter ovanfor husa, og frakta på fonnbreen som flaut på fjorden heilt over på andre sida av fjorden til Bøvika og sto på rota si der! 

URKEDALEN

På Urke miste heile bygda krafta, men det var ingen som våga å gå framover dalen for å sjå kva som hadde hendt med kraftverket som vart bygt i 1947-48 på Sætreneset. Først ei veke seinare, 28. fabruar finn eg denne vesle notisen i Sunnmørsposten.

010(2) 

 At eit kraftverk vart borte var "småsaker" for Sunnmørsposten i veka før!

Sidan eg kjenner godt til denne saka, har eg lyst til å legge ved eit bilete som illustrerer kjempekreftene som gjer seg gjeldande når mjellfonnene går:

Resten av Urke Kraftverk

Tårnet t.h. står att, medan sør- og austveggene og taket i maskinhallen er blåse bort. Alt var i armert betong og vi ser rivflatene med armeringsjern av taket både på rafta og tårnet.  Berre fastbolta maskiner som turbin og dynamo står att på golvet (ikkje synleg) bak næraste veggen.

I NABOKOMMUNENE

HJORTHOL i Velledalen

På Hjorthol, lengst nede i Velledalen, omkom 10 år gamle Bent Melchiorsen ved den tragiske skredulykka i halv-seks-tida denne morgonen 19. februar. Ekteparet Gerd og Bjørn Melchiorsen og andre sonen Arild, ovelevde.  Heimen deira, på nedsida av riksvegen, vart knust. Huset og løa til ein av naboane, John Hjorthol, vart skadde i raset.

Hjorthol og fonna

Fonna stokk heilt oppe under toppen av Storhella og kom med stor fart ned den bratte fjellsida.

Den breiaste armen av fonna for ned mellom tuna til John og Harald Hjorthol og over riksvegen i 100 meters breidde og rett mot den to år gamle einebustaden til familien Melchiorsen omlag 25 meter nedom vegen.

Fonna kom svært stilt, husa riste seg og det høyrdest ut som eit takras, fortel Johan Hjorthol som budde 125 meter frå Melchiorsen sitt hus. Johan var opp på riksvegen i sju-tida utan at han då heller var klar over katastrofen som hadde ramma nabohuset og gjekk i fjøset for å gjere morgonstellet!

Brøytesjåfør Jon Moltu passerte Hjorthol på veg nedover kl. 05.30, køyrde så til Brunstad, nokre hundre meter lenger nede, snudde og køyrde tilbake. I mellomtida hadde fonna lagt seg over riksvegen. 

-Eg møtte Bjørn Melchiorsen med det same eg kom opp til fonna. Det var mørkt ute, men det eg såg var fælt. Huset knust, eit einaste virvar!

LANGSTØYL i Follestaddalen 

At det ikkje gjekk menneskeliv tapt ved snøraset på Langstøyl i Follestaddalen måndags morgon, er reine slumpetreffen, skriv Sunnmørsposten tysdag.

Ras på Langstøyl 

Svære krefter tok tak og skaden var total! 

Ti menneske, sju på garden til Ola Langstøyl og tre hos Gudmund Langstøyl var i største livsfåre då ei veldig snøfonn kom i stor fart nedover lia frå Grøthornet i halv-fire-tida måndagsnatta.

Heile soveromet var fylt av snø, ein knapp meter under taket var plassen han fekk til å berge ut kona og dottera. Løa på garden som var 20 meter lang og 9,5 meter brei, var sopa vekk og restane spreidde over store område. Fem kyr og seks sauer var drepne, men dei måtte straks etter slakte heile buskapen på grunn av husmangel.

STATENS NATURSKADEFOND

vart sjølvsagt kontakta etter dei mange skadefonnene på Sunnmøre. Konsulent Rolf Bang Henriksen uttalte at dette viser at det er behov for kartlegging av ras.

NOKRE PERSONLEGE REFLEKSJONAR I ETTERTID OM NORSK RASSIKRING

I 1960-åra hadde eg interesserte av å finne ut ein del om kva forskning og kva teorigrunnlag ein kunne finne fram i norsk faglitteratur om dette temaet. Det var overraskande kor lite som var registrert. Dei heilt elementære opplysningane om snøras måtte finnast i faglitteratur frå forskningsarbeid i Sveits og Østerrike. Eg er redd for at det er ikkje så mykje annleis i dag. 

Grunnlaget mitt for å tru det, ligg i at det eksisterer ei viss forskning om ras, jfr. målingar og arbeid ved skredstasjonen i Grasdalen ved Grotli/Strynefjellet. Men når ein etter mange ti-år framleis ikkje har kome fram til ei rassikring av enkelte rastruga område på Geirangervegen mot Grotli, vert tvilen min styrka. Ein har ikkje funne fram til dei rette metodene til å hindre at vårfonnene vert utløyste. Det er då eg lurer på om det verkeleg kan vere nødvendig at vi skal finne opp kruttet på nytt!

Ta ein tur til Sør-Tyskland, Østerrike og Sveits og lær noko av dei! Det er imponerande å sjå korleis rassikringane er utvikla i desse områda. Dei kan sitt fag på ein heilt annan måte enn det vi ser ut til å kunne. Kan det ha samanheng med at snørasområda her til lands er eit utkantfenomen? Er rasstadene så langt frå sentrum (les hovudstaden) at det ikkje har interesse?

Vi kan vise til eksempla når det gjeld ras i vegtunnellar. Når det skjer i våre strøk, vert det rydda opp snarast råd og trafikken går som før. På Austlandet får ein ei kjensle av at det må byggast ny tunnell!