Om ikkje altfor lenge skal det byggast ny fergekai på Sæbø.  Sandvika er ingen god plass for fergekaia. Skal den ligge der den ligg i dag, må vel Prestehagen reduserast og bautasteinen flyttast. Skal kaia flyttast lenger ut i Sandvika vil den kome i konflikt med badestranda. Trafikk- forholda vil aldri verte gode dersom kaia skal ligge i Sandvika.

 

 

Foreslår at fergekaia og «Hjørundfjord» bytter plass.

Etter at området mellom kommunekaia og Hjørundfjordheimen  vart utfylt, er der rikeleg plass til fergekaia og ein stor oppstillingsplass.  Og trafikkforholda vil verte veldig gode.

 

DSCN0117

Her er det rikeleg plass både til ferjekai og oppstillingsplass

 

 

Staden ligg sentralt og ligg nermare Hjørundfjordheimen, Hotellet og Skulen. For skuleborna vert det ein kortere og tryggere veg.  Og Sandvika får ligge der som ein fredeleg plass.

                  

Til slutt må eg understreke at eg ikkje har personlege interesser for å flytte kaia. For meg kan den legge kvar som helst. Men voner at dette forslaget vert vurdert når det skal byggast ny fergekai her på Sæbø.

                                   

Bjarne Hustadnes