RISEULUKKA  

Heilt sidan 1968 har eg tenkt å skrive om det eg opplevde om morgonen den 19.februar. Men fordi eg då måtte gjenoppleve den tragiske hendinga har skrivinga vorte utsett. Men no har Knut Riise (Larsa-Knut) Oppmoda meg om å skrive, sidan eg var av dei fyrste som kom til Rise etter at fonna hadde gått.

Syster mi Ragna var gift med John i Lensmannsgarden, og der budde eg i 10 år frå 1953 ti1 1963 då eg flytta til Sæbø. Og syster mi Karoline var gift med Johan i Larsagarden. Så eg hadde sterke band til Rise og var sjølvsagt lommekjend der.

 

I februar hadde det snøva jamt i 14 dager. Og vindretninga var heile tida frå nordvest. Og lav temperatur gjorde at snøen var veldig lett og laus. Søndag den 18. febr. var snødjupna på Sæbø opp under 2 m. Og det snøa framleis.

 

"Kom å hjelp"!! Me høyrde målet til Larsa-Johan då me nærma oss Riise og me prøvde å springs dei siste 150 meterene, men det var ikkje lett fordi me måtte vade i snø til kneet.

 

Me vart vekte av brannsirena (Den uhyggelige sorten som starter grovt og ender i fistel) noko før k1.7 Og då eg var med i brannvernet, stod eg opp i ei viss fart og fekk på meg klede. Men utanfor høyrde me nokon som snakka. Og Ruth opna glaset og fekk kontakt med Larsa-Knut og Morten Vefall. Knut kunne fortelja at Rise var teke av Korsafonna. Både Lensmannsgarden og Tryggesetgarden var borte og i Larsagarden var Karoline og Arne borte. Knut fortalte også at Ansgar og Bjørn Urkegjerde som overnatta i Larsagarden også var sakna. Men dei hadde høyrt rop om hjelp. Knut var fullstendig utsliten og kunne knapt nok stå på føtene. Han sa også at me måtte bruke ski og gå langs elva fordi Skondalsfonna hadde gått berre litt. Men skiene mina var i garasjen, og den var blokkert av snø. Telefonen ringte, og Brit Eide på sentralen sa at "Det er ei fonn på Riise dei må ha hjelp med"

 

Me var 6 mann med spade i handa som starta på turen til Rise. Ingen nevnte Skondalsfonna, me berre gjekk. Det var John Slettedal, John Frøland, Perry Eidem, Ola Hustad, Rolf Strand og Bjarne Hustadnes. Me gjekk ikkje samla, men såg kvarandre. Det første me støytte var takfonna frå kyrkja, den hadde gått over vegen. Det vart mykje snø å vade vegen til Rise, og me måtte gå over Skondalsfonna som hadde gått over vegen kvelden før. Men spora etter Larsa-Knut var synlige Det var då me nerma oss Rise at me høyrde Larsa­Johan rope om hjelp.

Larsastova låg att midt på vegen

Larsastova låg midt i vegen.

 Synet som møtte oss var sjokkerende! Larsastova var flytta ned på riksvegen, fyrste etasjen var knust. Og bakom der var der ingen ting, berre flate snøbreden! Edvard Riise (Sima-Edvard) viste oss kvar me skulle grave for å få ut Larsa-Arne. Me måtte krype inn eit lite vindu, og der låg han fast oppe under taket i daglegstova. Heile romet var fylt med snø, berre oppe under taket var der litt luft. Men der var mykje røyk fra ovnen som dei hadde fyrt opp i, og me var redde for at det skulle take til å brenne. Ovnen såg me ikkje noko av. Me måtte ut for å puste og skifte på med gravinga. Arne var også fast i nokre elektriske ledninger. Og han låg i røyken i lang tid for han endeleg kom fri. Arne hadde me kontakt med heile tida. Og me høyrde Ansgar Urkegjerde rope om hjelp og det vart andre som tok til å grave han fram.I mellemtida hadde Ola Hustad og andre funne Karoline utanfor stova og ein halv meter under snøen. Trur dei hadde høyrt lyder frå snøen. 

Eg gjekk bortover der Lensmannsgarden hadde slått. Men der var berre flate fonnbreden og ikkje ein lyd å høyre. Loftetasjen låg bort om Pestova, men halve taket var burte. Det var fremste enden av loftet der eg hadde rom då eg budde der. Eg såg litt av senga mi, kanskje hadde eg overlevt om eg hadde budd der? Men taket var som sagt burte. Klokka var no ca. 1/2 9 og det hadde teke til å lysne av dag.

Restane av Risetunet. Bilete frå lufta 

 John og Ragna vart funne ved det grøne krysset. Arill og Ivar ved det raude. Nede i venstre hjørnet ser ein taket av Lensmannstova og krysset der Anne Berit vart funnen. Som ein kan sjå så er Pestova uskada. Den vart seinare oppattbygd i det nye tunet og er i dag huset til  Matias Årskog.

 Eg gjekk attende mot Larsagarden, og var komen nesten til staden der Lensmannshuset stod. Då, - høyrde eg ein lyd frå eit lite hol i snøen! Oddny Slettedal som kom frå motsatt kant, høyrde det same. No vart det veldig hektisk. Folk strøymde til og tok til å grave og etter kvart kom dei fram frå ruinene, John og Ragna. Arild vart funnen noko seinare. John fortalte at han hadde høyrt lyd fra gutane i den retninga, og peika staden der dei vart funne. Eg såg at ein mann hadde avdekt enden av ei barneseng. Eg tok tak i gavlen og sleit den av. Og mellem sengkleda såg me eit par barneføter. Eg trekte meg tilside og andre tok over gravinga. Men for vesle Ivar var det for seint, og livet var slutt, dessverre.

Etter kvart kom det meir og meir folk som deltok i leitinga.

 Men kvar var Anne Berit? Eg gjekk heim i Pegarden og der trefte eg Anny og spurde kvar Anne Berit hadde romet sitt. "Ho låg fremste kvisten" Det var romet til side med det romet eg hadde budd på. Eg gjekk straks dit. Taket var borte, men der såg eg litt av sengagavlen, og akkurat då kom ein liten lyd frå senga. Johan Sæbønes som korn frå andre sida høyrde akkurat det same. Og straks kom det fleire folk som hjelpte til med å få fram Anne Berit som var forholdsvis uskada.Loftet av Tryggesethuset var flytta heit bort i Øyane. Der huset hadde stade såg me berre litt av rekkverket på trappa. Mykje folk var no i gang med å leite etter Hjørdis og Torstein Årseth. Dei vart funne omkomne mellem der huset hadde stede og Lensmanns lødebrua.

Eg var no totalt utsliten, og trekte meg tilbake .

Å finne Risegarden totalt rasert, og finne mine nærmeste i ein slik tilstand, vart for meg eit stort sjokk som sat fast i meg i mange år etterpå.

Dei har funne den siste i live.

 Den siste som vart funnen i live, Bjørn Urkegjerde, er lokalisert ved fremste veggen av Larsastova, nærast.

Dette var slik eg opplevde Riseulukka. Andre arbeidde på andre stader på Rise og har andre ting å fortelje.Sæbø, den 22/6 2005 

BjarneHustadnes

                         Så ein del av Ragna Riise si historie.

Ragna Riise fortel at dei vakna av eit forferdeleg brak. Og John følte at dei vart førte i ei voldsom fart. Dei var ved medvit heile tida ,og spesielt Ragna hadde det forferdeleg vondt og var fullstendig fast og kunne knapt få fram ein lyd. John derimot låg over henne og kunne prate til henne. Han sa at dei måtte rekne med at alle på Rise var nedgravne og ikkje kunne hjelpe. Men han prøvde å halde motet oppe og ba henne halde ut.

Det var så ufatteleg vondt å høyre at smågutane gret ein stad attmed dei utan å kunne hjelpe.

Men etter ei evigheit kunne dei høyre skritt oppå snøen, og John ropte for full hals, og det var nok dei lydane Bjarne og Oddny høyrde.

Ragna fekk alvorlege brotskader og låg lenge på sjukehuset etterpå. Ho fekk dermed ikkje vere med i gravferda til vesle Ivar heller.

Tante Ragna på veg til sjukehuset. Foto Perry Eidem

 Her er Ragna koma på båre og er på veg mot sjukehuset.

Foto: Perry Eidem

DSC00018

Same Ragna og same kastanjetreet som på  bilete før, 40 år etter.

DSC00015

Systrene Ragna og Karoline, som begge vart nedgravne av Korsafonna.

Ragna, Knut og Karoline

Ragna, Knut og Karoline 19. februar 2008. Foto: Helga .

Knut Riise.