Fleire og fleire av oss set stor pris på ski- og snøbrettturar i høgfjellet.  Men kva med skredfaren?  Veit vi nok om den, eller bør vi halde oss unna i alle høve dei høgste toppane no på vinteren?  Spørsmåla om skred og skredfare er mange.  Ein av dei som veit meir om  dette, er Krister Kristensen.  Han er tilsett i  Norges Geotekniske Institutt - NGI - og arbeidsstaden hans er på avdelingskontoret i Stryn, men han er ofte på hytta til NGI på Strynefjellet der han driv med skredforskiing.

Krister Kristensen

Krister Kristensen. Foto: nrk.no

Men tanke på dei ulykkene vi har hatt i vinterfjella i Ørsta kommune dei siste åra, ringde eg nettopp til Kristensen i går.

Namnet mitt er Knut Hustad, eg ringjer på vegner av nettstaden hjorundfjord.no, men kanskje først og fremst på vegner av meg sjølv.  Eg likar nemleg å gå på skiturar i fjella våre her i Hjørundfjorden, men sjølv om eg er såpass gammal som 48 år, er eg framleis usikker på kva tid det er fonntrygt i fjellet. Når kan vi skientusiastar ferdast trygt i høgfjellet?

- Det er nesten uråd å gje eit generelt svar på det spørsmålet.  Det beste er nok å gjere ei skikkeleg undersøkjing før turen tek til.  Likevel kan det nok seiast at det er heller sikkert at det ikkje kjem skred om hausten dersom det snøar på berr- og frosen grunn.  T.d. stein og tuer virkar då nærast som sandpapir og held snøen fast.

Men no er det ikkje snøberre fjellsider her i Hjørundfjorden.  Kva med vind i fjellet?  Sist veke såg vi at det bles mykje på toppane, mykje snø vart  flytta på.  Er det fonnfare i fjellet når det bles?

- Absolutt.  Når snøen samlar seg i lesider og andre stadar i større mengder, vert det ustabile forhold og faren for å løyse ut skred aukar.  Etter det eg forstår, kom vinden frå vest.  Det vil likevel ikkje seie at vestsida er fonntrygg fordi snøen der bles bort - og at det berre er i austsidene som er skredfarlege.  I fjellet kan nemleg vinden ta ulike retningar på lokale stadar og dermed kan det samle seg snø der ein ikkje ventar at den skal gjere det - m.a.o. kan det også vere skredfare i lommer i vestsidene sjølv om hovudvindretninga er frå vest.

Ok, skifolk likar best å køyre ned fjellsider like etter at det har falle nysnø, kanskje 30 - 50 cm eller meir.  Dersom det snøar kraftig ein dag, men så klarnar det opp i løpet av natta og vert kaldt, kanskje 10 - 15 minusgrader, er det då fonntrygt?

- Nei, ikkje nødvendigvis.  Kulden gjer det nok meir stabilt, men skreda kan likevel kome og dei kan kome også om ein ventar 2 - 3 dagar før ein tek denne fjellturen.  Igjen, ein må sjekke forholda på staden med t.d. å ta snøprofilar - sjå på lagdelinga i snøen.

Men dette med snøprofilar osb. er så komplisert.  Kan du ikkje gje eit enklare svar?

- Det er ikkje lett, men er det ei mildvêrsperiode med regn der det helst regnar heilt til topps, stabiliserer nok underlaget seg.  I slike mildversperiodar går det gjerne mange skred, men snøen stabiliserer seg og det vert tryggare å ferdast i fjellet sjølv om det kjem nysnø etterpå.  Men det kan vere fare her også; dersom det frys til og vert skare etter ein mildversperiode og det så kjem nysnø, virkar gjerne skaren som eit sandpapir - denne skaren held nysnøen fast.  Men av og til kan det kome eit rimlag oppå skaren.  Då vert skredfaren tvert om  overhengande dersom det kjem nysnø på skaresnø med eit slikt rimlag...

Det sikraste er nok at  du tek skiturarane dine  i dalar eller  skogparti og der hellinga er mindre enn 30 grader.  Der er det gjerne relativt fonntrygt.  Og må du til fjells så er det framleis svært mykje godt i dette uttrykket:  Gå på rygg, ver trygg.

Men når eg skal renne ned kan eg vel bevege meg litt innpå laussnøen det det er kjekkare å køyre ned?

- Då aukar skredfaren igjen.  Det er ein gong slik at ca. 90 %, kanskje heile 95 %, av skreda som tek skiløparar vert løyste ut av skiløparane sjølve.

Ok, men dersom eg ser oppover og oppdagar at eit skred kjem, kan eg ikkje då greie å køyre/renne på skå ned og ut av skredområdet?

- Nei, ein slik regel er det ikkje.  Ofte står du i eit område og skredet - flakskredet - løsnar rundt deg på alle kantar, ovanfor, nedanfor og akkurat der du står.  Dermed er du midt inne i det allereie frå starten og du kan ikkje renne ut av det.  Eg har sjølv opplevd dette ein gong.  Eg hadde rett nok ikkje ski på føtene, men truger.  Det hadde nok skjedd sjølv om eg hadde hatt ski på meg også.

Eg har sett skifilmar...

- Diverre går det nok ikkje alltid bra på desse skifilmane heller, men legg merke til at desse ski-/brettkøyrarane  berre gjer eit raskt sveip innom desse svært skredfarlege områda - dei vil løyse ut småskred, men som sagt - det går ikkje alltid bra, sjølv ikkje med desse "ekspertane".

Dette vert mindre og mindre trygt.  Kan eg aldri få gå til fjells med godt samvit?

- Trøysta kan vere at her på Vestlandet har vi mange lavtrykk vi får ofte mildvêr og regn.  Slikt vêr stabiliserer underlagsnøen og det vert tryggare her enn andre stadar.  Kaldt vinterêr med lite snø over lengre periodar - som på Austlandet - fører gjerne til større skredfare .  Etter påske er det også slik at snøen har blitt stabil, den ligg fastare.  Eg likar denne periden best når eg skal på ski i fjellet.  Elles vil eg tilrå at du og andre skientusiastar som vil gå på ski i fjellet, tek eit skredkurs.  Er ikkje SunAlp i nærleiken av deg?

Men i påska og etter påske kjem vel solfonnene?

- Ja, men dei er meir beregnelege

Takk for svara sjølv om dei ikkje var så absolutte som eg yngste.

Treff du ein person som utgjev seg for å vere skredekspert og som gjev sterke og klare svar, ja, då må du verte skeptisk.

Takk igjen.