"Segna om Ragnhildsteinen har gått på folkemunne gjennom generasjonar. For dette hende for over 300 år sidan. På den tida Ragnhild levde budde folk i små kalde hus, dyrka korn og poteter sjølv, hadde få husdyr og arbeidde hardt heile dagane for å halde liv i familien som oftast var stor. Dei sto opp når det var lyst og la seg når det vart mørkt. Det var mykje fisk i sjøen og i elvane, og i skogane var det både bjørn og ulv og reven luska rundt husnovene. Så folk måtte passe på både ungane og dyra sine.

Då sommaren kom måtte dyra på beite inn i Norangsdalen som var vill og vakker, med stupbratte fjell, fine dalsider og ei brusande elv midt gjennom dalen. Vesle Ragnhild med dei lange, lyse flettene var 12-13 år og skulle for fyrste gong være gjetarjente opp i dalen på ein plass så heiter Lyngstøylen. Kvar morgon drog ho til dals med den vesle flokken sin, nokre geiter og sauer med lam. Dyra åt godt av det grøne, saftige graset og drakk av vatnet og vart store og fine. Ragnhild leika med lam og kje og plukka blåbær i dei store tuene, åt nista si og strikka raggar til småbrørne sine. Når kvelden kom samla ho den vesle flokken sin og gjekk heim.

Ein kveld kom ikkje Ragnhild heim som vanleg. Foreldra vart redde og drog for å sjå etter henne, men dei fann ho ikkje. Alle dyra var der og gjekk roleg og beitte. Dei ropa og leita men fann ingen Ragnhild. Dei såg at det hadde kome nokre nye steinar, men tenkte ikkje noko over det og trudde at ho hadde blitt teken av villdyr. Foreldra og syskena gret og leita og folka i bygda leita saman med dei ei heil veke. Men dei fann ikkje spor etter vesle snille Ragnhild, så til slutt gav dei opp.

Seint på hausten, rett før vinteren kom, tok mor til Ragnhild seg ein tur til Lyngstøylen. Regnet sila ned den dagen og det bles sterkt. Landskapet var endra. Trea sto der bladlause og graset var visna og alt var grått og trist. Mora gret og tenkte på den vesle snille jenta si som var borte. Til sist søkte ho ly for vinden bak ein stor stein som låg der, og med eitt såg ho noko som stakk fram under steinen. Ho ruska vekk det visne graset og fram kom to lyse fletter med raude fletteband. Det var flettene til vesle Ragnhild. Då vart mora glad midt i den store sorga. Ho visste no at Ragnhild ikkje var teken av ville dyr, men hadde ei grav under steinen.

Ragnhildsteinen - har den vorte kalla gjennom alle tider.Dersom du køyrer gjennom Norangsdalen kan du sjå Ragnhildsteinen ca. 200 m. over Lyngstøyl-vatnet. Den er ikkje avmerka, men den ligg heilt inn til hovudveien. Den er overgrodd med mose og lyng, ei lita einebusk og ein liten rogn veks på han. Før grodde det alltid fjellrose på den, men det fins ikkje lenger. Born har gjennom alle tider gått rundt steinen og lurt på kvar flettene kom fram.

Magna Fivelstad"