3013,2 mm med nedbør kom det på verstasjonen nr. 59900 Sæbø  i 2007.  Som brukarane av hjorundfjord.no veit ligg denne stasjonen på Hustad og det er  Anne Kristin Hustad som er vêrobservatør.  Men rekord vart det ikkje - berre nesten.

Denne stasjonen vart oppretta i september 1972 og allereie året etter kom det rekordmykje nedbør, heile 3062,1 mm.  Denne rekorden vert i alle høve no ståande eitt år til. Nedbørsnormalen er på 2040 mm.  I 2007 kom det altså nærare ein meter meir.

IMG_3887 (Large)

Anne Hustad slår fast at det kom mykje nedbør i 2007, men det vart berre nesten rekordar...

Når det gjeld den soste månaden i året, desember, kom det 181,8 mm nedbør.  Mest nedbør kom det den 28. desember, nemleg 33,0 mm.

Elles var det 16 dagar med nedbør, den 30.12. låg det mest snø, men ikkje meir enn 10 cm.  Likevel låg det snøflekkar rundt om på markane alle dagane i månaden.

Og så ventar vi på resultata frå Petterbakkane i Ørsta...