På heimesida til kommuna under lokalnytt finn vi no alle nyhendeoverskrifter med ingressar så snart som dei er offentleggjorde på Hjørundfjorportalen. RSS er kort og godt ein funksjon som tek tittelen og ingressen på nyhenda og legg dei på ei liste som lett kan brukast for andre medium, ein såkalla XML-tråd.

Og å få ein slik moglegheit er flott, og vi føler ein aksept frå Ørsta kommune at vi er eit medium som vert rekna med. Dette vil medføre at vi lett kan nå fram til politikarar og kommuneadministrasjonen, når vi skriv ei nyhendesak. Ein må rekne med at politikarar og kommunalt ansatte les heimesida til Ørsta kommune dagleg.

Det er no viktigt at ein skriv gode og kortfatta ingressar så brukarane på kommunesida klikkar på les meir, og dermed går innpå  Hjørundfjordportalen.

Vi takker for denne invitasjonen frå Ørsta kommune. 

 

For å kome inn på Ørsta kommune si heimeside så klikker du på denne linken: http://www.orsta.kommune.no

 

Og vil du gå rett på lokalnyhende så: http://www.orsta.kommune.no/Modules/rssnyheiter.aspx