Kyrkjebøkene til Hjørundfjord prestegjeld har i fleire hundre år vore brukt og oppbevart på Sæbø.  Men framtida for desse bøkene er uviss - skal dei i åra framover ha sin tilhaldstad på Ørsta kyrkjekontor i Ørsta?

IMGP2530 (Large)

Når kyrkjebøkene til Hjørundfjord prestegjeld ikkje er i bruk, vert dei i dag oppbevart i dette brannsikre skåpet på prestekontoret på Sæbø

Det er Ørsta kyrkjelege fellesråd , etter det hjorundfjord.no forstår, som har teke opp problemstillinga.  Det er eit ynskje om at kyrkjebøkene til alle sokna i Ørsta i framtida vert oppbevart på kyrkjekontoret i Ørsta.  Men først må det i alle høva søkjast til Møre bispedømmeråd på Molde.  Det er bispedømmerådet som til sjuande og sist avgjer saka.  Det er kyrkjeverja i Ørsta, Steinar Sætre, som opplyser dette.

Steinar Sætre, kvifor skal kyrkjebøkene i Hjørundfjorden  flyttast til Ørsta - er det ein lekk i oppgåva med å svekke Hjørundfjord prestegjeld slik at presten vår til sjuande og sist må flytte til Ørsta?

- Nei, slett ikkje.  Vi skal ikkje lage noko dramatikk ut av dette.  Det er altså Møre bispedømmeråd som skal bestemme om kyrkjebøkene skal flyttast til Ørsta.  Denne avgjerda tek dei evt. etter at vi har søkt om å få flytte over bøkene, men ein slik søknad er enno ikkje sendt.

Men kvifor er det eit ynskje om at bøkene skal flyttast til Ørsta, vil ikkje dette gjere det vanskelegare å få tilsett ny prest i Hjørundfjorden?

- Nei, slett ikkje.  Etter mitt syn er det meir ei tilrettelegging for at vi skal få ein ny prest til å busetje seg på Sæbø når noverande sokneprest flyttar.  Yngre prestar i dag vil helst jobbe i eit miljø, i eit fellesskap, med andre prestar.  Eit slikt fellesskap finn ein her i Ørsta.  Ein ny prest kan så gjere mykje av kontorarbeidet sitt her i Ørsta sjølv om vedkomande bur på Sæbø.

Vi ser også at dei fleste vender seg til kyrkjekontora pr. tlf.  På Sæbø har prestekontoret ope berre eit par timar kvar torsdag.  Dermed vert det vanskeleg for publikum å få opplysningar om namn som ein finn i kyrkjebøkene.  Dersom kyrkjebøkene også til Hjørundfjord prestegjeld vart oppbevart her, kunne vi gitt opplysninar alle kvardagar i normal arbeidstid.

Vi prøver no å tilrettelegge det slik at  kyrkjelydsekretæren i Hjørundfjorden også kan få ha kontorplass i Ørsta.  Det er vanskeleg å få søkjarar til berre ei t.d. 30 % stilling som kyrkjelydssekretær på Sæbø i framtida.  Større stillingsbrøkar er ynskjeleg for alle.   Men eg vil streke under at Soknepresten på Sæbø skal ha eit kontor på Sæbø.

Eg ynskjer også å få sagt at sokneprest Kåre Øygard framleis ynskjer å oppbevare kyrkjebøkene på kontoret på Sæbø så lenge han er prest i Hjørundfjorden.  Det vil han også få lov til.

IMGP2512 (Large)

Sokneprest Kåre Øygard med ei gammal kyrkjebok.  Denne er frå 1886.

Sokneprest Kåre Øygard ser nok ikkje på denne saka på same måte som kyrkjeverje Steinar Sætre.

- Om det ikkje er føremålet, meiner eg likevel at å fjerne kyrkjebøkene til Hjørundfjord prestegjeld frå Sæbø vil svekke stillinga til Soknepresten i Hjørundfjord. Det er i Hjørundfjord prestegjeld eg er tilsett som sokneprest, det er på Sæbø eg har kontorstaden min og  jamleg  må eg innom kyrkjebøkene for å sjekke eit eller anna.  Det ville vere lite naturleg for meg om kykjebøkene vart flytt til Ørsta.  Og det ville vel vere unaturleg for hjørundfjordingane også og måtte reise til Ørsta for å sjekke eit eller anna om folket i Hjørundfjorden?

Eg meiner bestemt at dersom ein held fram med å ta bort oppgåver frå soknepresten i Hjørundfjorden - sjølv om det er i effektiviseringa sitt namn - så vil det etter kvart ta vekk den fast busette presten frå fjorden.  Det er Øygard som seier dette til hjorundfjord.no.

Det må også leggast til at på prestekontoret på Sæbø finn kyrkjebøker heilt bak til 1886.  Sokneprest Øygard veit at det er eit ynskje frå Riksarkivet i Trondheim om å få desse bøkene.  Av den grunn vil nok dei eldste bøkene same kva ikkje verte flytta til kyrkjekontoret i Ørsta - dei vil nok fare rett til arkivet i Trondheim.

IMGP2523 (Large)

Kåre Øygard med den eldste kyrkjeboka (under) frå 1886 og den nye som han brukar i dag.

I margen den den eldste kyrkjeboka kunne vi i dag lese initialane RFO.  Kva for ein sokneprest kunne det vere?

Øygard opplyser at det som vert ført opp i kyrkjebøkene er  namn på døypte, namn på konfirmerte, namn på vigde og namn på dei som vert gravlagde.

Hjørundfjord sokneråd skal drøfte- og kome med sine synspunkt i  denne saka på neste soknerådsmøte onsdag den 6. februar.  Leiaren for Ørsta kyrkjelege fellesråd, Ottar Berge, vil då vere tilstades og diskutere saka.  Soknerådsmøta er opne for publikum.