Eg har tenkt på at dette er ein måte å lokke til seg portal-lesarar på. Nisse-spørsmål er vel alltid aktuelle, men denne artikkelen handlar om juleverkstaden på grendahuset før jul, eg rakk ikkje legge den ut før no, men jula varer jo heilt til påske.

Som vanleg hadde ungdomslaget satt fram ein masse formingsmateriell, kokt graut og invitert den trufaste Grendahusnissen. Folk møtte opp, og kreativiteten var stor.

Desember2007_1215(009)

Arild og Hallvard Årseth viser stolte fram sin kina-inspirerte nisse-snømann.

Desember2007_1215(013)

Siw, Kristian og Vegard Lillebø møter trufast opp på juleverkstaden kvart år.

Desember2007_1215(006)

Endelig vart det graut! Barna veit godt at det er mandel i grauten, så sjølv dei som ikkje er så svoltne et. Men i år skjedde det noko rart; ingen fann den!

Desember2007_1215(001)

Endelig så kom nissen, og han hadde med sjokolade til alle barna!

Mange av barna hedde eit trangt program denne dagen, for dei skulle vidare og opptre i kyrkja. Me vonar på eit godt frammøte neste år også:)