Nokre av oss hadde vore på kurs med Beate Eriksen i mars 07 og såg fram til ei ny helg med teatersport i Hovdebygda. Der var ca 20 deltakarar frå  Ungdomslaga på Vartdal, Åmdal, Hovdebygda og Bondalen.Kurset hadde stor spennvidde og vi var innom alt ifrå spiritisme, havfruer, gynekologiske undersøkelsar og fisketorget i Bergen. Vi dramatiserte også spøkelsehistoria frå hotel Union på Øye.

Janne og Jorun

Her ser vi Janne  og Jorun som ventar spent på å kome i gang..

Vi måtte kaste oss ut på djupt vatn monge gongar i løpet av helga både med solosong, dans og ikkje minst den utfordringa det er å stå påei scene med eit ferskt og kanskje litt "uferdig" manuskript.

Åkernesrenna

Vi hadde "juksa" litt og brukte sketsjen frå 3.dagsfesten om dei nervøse damene og Åkernesrenna.

 

P1120819

Ingvill og Siw øver inn scena der dei spelar UP som kjem i skade for å stoppe Kong Harald i fartskontroll.

 

Therese

Det var ei travel helg, men det var alltid tid for ein kopp kaffi.  Flinke damer i Hovdebygda hadde baka deilig kake og laga kjempegod gryterett til oss på laurdag!

 

Jorun

Jorun glei rett inn i rolla som ordførar.

P1120011

Ei blond og fager Jan Ole som ei litt gneldrete og stressa husmor. Fantastisk bra!!

 

UP-Ingvill

UP-Ingvill rett etter ho har tatt Kong Harald i fartskontroll.

P1120836

Ein engasjert instruktør som vi alle håper kjem tilbake for nye kurs, nye sprell og nye utfordringar. Vi hadde ei kjempehelg!!

No står det att å sjå om "Bondalsrevyen" kan hauste godt av lærdomen vi har tilegna oss i helga.