Styret i fotballgruppa til Sæbø IL har fått ny trenar på plass og leiaren Øyvind Taklo seier seg svært  glad for at ein så stor trenarkapasitet som Kenneth Nydahl har sagt ja til trenarjobben.

IMGP2104 (Large)

Kenneth Nydahl

Har du tømt pengekassa til fotballgruppa for å få Kenneth på plass, Øyvind?

- I kassa til fotballgruppa er det nok ikkje så mykje pengar akkurat no, men vi skal heilt sikkert klare å spare så mykje pengar at vi får betalt Kenneth - utan tvil.  Vi har ei god inntektskjelde gjennom den årlege påskerebusen på Sæbø og vi har m.a. ei paintballbane som mange betaler pengar for å få bruke.  Ja, dette skal vi klare, seier Øyvind.

Men dette er vel ei auka satsing i fotballgruppa?

- Ja, absolutt. Og det må også til skal vi klare å få ei god plassering i 5. divisjon.  Det må også vere målet for denne sesongen etter at vi rykte opp frå 6. divisjon no sist haust.

Øyvind Taklo opplyserat treningane til A-laget startar no i kveld klokka 21 på kunstgrasbana til Ørsta IL i Ørsta. Til slutt legg han til at 16-åringane er velkomne til å  delta på treningane.

Det er altså Kenneth Nydahl som vert den nye trenaren til A-laget til Sæbø IL.  Kenneth trente også A-laget i fotball til Sæbø IL for nokre år sidan, men dei to siste sesongane har han vore trenar for Ørsta IL sitt A-lag i fotball.  Kenneth er busett i Volda, men er sjølvsagt hjørundfjording - fødd og oppvaksen på Trandal som han er.  Kenneth er til dagleg butikksjef for G-Sport i Ørsta.

Gratulerer med ny trenarjobb, Kenneth.  Det vert vel eit hardkøyr for spelarane allereie frå den første treninga i kveld?

- Først må eg få takke for gratulasjonen. Hardkøyret vert vel ikkje så stort første kvelden - eg veit enno ikkje heilt sikkert kor mange som møter opp på treninga, men etter det eg forstår vil vi få inn fire - fem nye, unge spelarar og ingen har gitt seg etter forrige sesong.  Men uansett, eg gler meg til å strarte.

Og målet vert opprykk allereie første sesongen?

- Nei, målet er ikkje opprykk, men eg legg opp til at vi skal få gode kvalitetstreningar allereie frå starten no i kveld.  Får vi det til, vil kvaliteten på spelarane auke noko som gjerne fører til auka trivsel og betre fotballkampar.  Målet vert å vinne flest mogleg av desse fotballkampane.

Og kor mange treningar vert det i veka?

- No framover vert det to trenignar i veka på kunstgrasbana i Ørsta, så vert det ei trening på Sæbø i tillegg - gjerne kondisjonstrening og fotball inne i gymsalen.  I tillegg ser eg gjerne at spelarane no brukar t.d. helgane til å ta seg skiturar i fjell og dalar.  Også det gjer godt for fotballnivået.

Vi ynskjer lukke til.