Sæbø sin lokale hamnefut, Thomas Hustad, hadde mykje å gjere i 12 - 13 tida i dag.  Det var meldt springflod ca. klokka 13 og som kjent har Sæbø både ferje og skyssbåt.

IMGP2388 kopi

Hamnefut Thomas Hustad ser at M/F "Nørvøy" slit med å legge til kai.

Som vi no ser her på portalen hjorundfjord.no har M/F "Nørvøy" ein av sine siste dagar på Hjørundfjorden.  Ho har i mange år vore ein sann slitar på fjorden, men då ferje skulle legge til kai ca. klokka 1240, måtte ho gjere vendereis - floda var for høg.  Skipperen ombord opplyste til hjorundfjord.no at han kanskje kunne ha greidd å legge til, men i så fall var sjansen stor for at ferja ikkje kunne ha gått frå kai igjen.  Det var tryggast - også for det hydrauliske anlegget til kaia - at ferje venta til springfloda hadde gitt seg.

IMGP2406 kopi

Nei, ferja kunne ikkje legge til klokka 1240, floda var for høg.

Men Thomas har ikkje berre ferjekaia å passe på.  M/S "Hjørundfjord" ligg til vanleg ved den nye skyssbåtkaia.  Det såg ikkje ut til at floda skapte problem korkje for kai eller båt, men skulle ein ombord i skyssbåten, ville skipper Oddvar Olsen tilrå litt høge støvlar.

IMGP2383 kopi

Kanskje klokt med støvlar om ein vil gå ombord i M/S "Hjørundfjord"?

Som vi ser, var heldigvis ikkje vinden spesielt sterk då floda var på sitt høgste.  I tillegg kom vinden frå vest, dvs. at det på Sæbø var frålandsvind.  Dette gjorde nok at evt. skadar på eigedom vart redusert.  Men kaifronten til den nye skyssbåtkaia har enno ikkje vått den forventa påstøypen.  Dermed har det nok blitt ein del utvasking av massen bak denne fronten.

No kunne det sjå ut til det var fare for at Thomas Hustad ville få vatn inn på kontoret - der har det vore sjøvatn før, men då underteikna var tilstades litt før sjøen var på sitt høgste, var der ikkje vatn.

IMGP2386 kopi

IMGP2387 kopi

Sjø på Sæbø D.S. Ekspedisjon si kai heilt inntil inngangsdøra....

IMGP2391 kopi

Hamnefut Hustad har sett inn både ny dør og nye vindauga til lokala sine, men er dei vasstette?

Også ved Sagafjord Hotell og i den nye småbåthamna var det mykje vatn.

IMGP2401 kopi

Båten flyt, men gjer Sagafjord Hotell også det?

IMGP2393 (Large)

Mykje vatn i hamnebassenget til den nye småbåthamna på Sæbø.

Arne Johan Hustadnes på Hustadneset tok fri frå arbeidet før arbeidsdagen var heilt slutt.  Han fekk høyre meldingar om den høge floda og fann det tryggast å sjå til m.a. småbåthamna si og båtane.

IMGP2425 kopi

Mykje vatn både innanfor- og utanfor moloen til Arne Johan Hustadnes.

IMGP2431 kopi

Denne båten ville hytteeigar og turistvert Arne Johan Hustadnes sikre litt betre...

IMGP2426 kopi

... Men det var nok vanskeleg å få båten inn i dette naustet.

IMGP2421 kopi

Her ser vi nautsrekkja i Sandvika

IMGP2436 kopi

Det var også vanskeleg å kome seg inn i nausta i Hustadvika.

Til slutt tek vi med eit foto frå Bondalselva Camping.  Om det berre er floda som er årsak her, er litt meir usikkert, men vatn er her nok av.

IMGP2439 (Large)

Hytter til Bondalselva Camping.