I går, søndag, fekk vi den triste meldinga - heidersmannen Even Hovde var død.

D_LF0713_036_low

Her ser vi Even Hovde på veg ned frå  Kyrkjetinden i Ørsta no i desember.  Even sin kollega og turkamerat Gunnar Wangen opplyser at det nok var Even som "oppdaga" denne tinden som ein flott "skitind".  Etter kvart vart også Kyrkjetinden den tinden som Even brukte mest i sitt nærområde.  Og diverre vart det også slik at det var eit snøskred i dette området som tok livet til Even.   Foto:  Naturfotograf Gunnar Wangen.  Stor takk for utlån.

Eg veit at Even Hovde var tilsett  i Ørsta kommune, eg fekk også med meg  at han i lengre periodar fungerte som teknisk sjef i kommunen. Likevel,  det var  ski- og fjellentusiasten Even Hovde eg vart kjend med.  Og det var også meir enn nok - meir enn nok til at eg lærde å setje svært så stor pris på denne lågmælte personen frå Ørsta.

Even vart etter kvart lommekjend i dei fleste fjellområda våre - slett ikkje berre i Hjørundfjorden, men også her.  Ein av grunnanen til dette, var nok at kona hans Oddny er frå Kvistad i Bondalen.

Første gongane eg møtte Even, var inne i Kvistaddalen. Etter kvart vart det fleire møter på fleire stadar, men helst på turar i fjell og dalar.  Han var gjerne på veg heimover etter dagens tur mens eg  var  på veg mot dit eg skulle.  Det er i alle høve sikkert at eg aldri gjekk forbi Even.  Eg sette stor pris på desse små møta våre, eg fekk ein hyggeleg samtale og eg fekk mange opplysningar om gode turmål, turruter, ski- og skiutstyr og mykje anna. Sist sommar fekk eg t.d. vite at Even hadde funne eit kadaver av ein sau.  Ein rask telefonsamtale med Even fekk avklart funnstad og dermed at sauen nok var min.  Som sagt - Even var lommekjend i dei fleste fjellområde. 

No vidare framover vinteren såg eg og mange andre skientusiastar fram mot nye møter med Even i fjella våre. Det vert det no diverre ikkje noko av noko som er umåteleg trist.

Men tankane til oss som kjenner til familen Hovde/Solhaug går no først og fremst til kona Oddny som har mist ektemannen sin og dei to døtrene som har mist  faren sin.  Det er dei og den nære familie som sit att med den store sorga.

Fred over Even sitt minne.